Kniv
Kniv er ein reiskap med skaft og ofte eit skarpt blad, som regel av metall, som er lagd for å kutte av, forme til eller dele opp ymse materiale med. Vanlegvis vert knivane laga med ulike formar og i ulike storleikar etter kva det er meininga å nytte dei til, og er som reiskapsgruppe den mest allsidige av alle. Ei mengd ulike handverkarar nyttar knivar, og knivar er i dagleg bruk i så godt som alle hushaldningar. Knivar kan brukast til å skjere i og forme til materiale som tre og lêr, til slakting og oppstykking av dyr, til matlaging og for å eta med. Knivar har frå gamalt av òg vore nytta som våpen, ikkje minst som drapsvåpen i slåsskampar eller andre situasjonar der sinne og brutalitet tek makta over ein person.
Forbod i Noreg mot å ha med seg kniv og liknande på offentleg stad |
Ved ei lov 11 juni 1993 nr. 79 fekk den norske straffelova ein ny paragraf 352 a, endra ved lov 28 juni 2002 nr. 53, som sette forbod mot å ha med seg kniv eller liknande kvass og farleg reiskap på offentleg stad når det ikkje ligg føre ei akseptabel årsak til det:
«§ 352a. Med bøter eller fengsel inntil 6 måneder eller begge deler straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt på offentlig sted bærer kniv eller et lignende skarpt redskap som er egnet til bruk ved legemskrenkelser. Medvirkning straffes på samme måte. Forbudet gjelder ikke kniv eller annet redskap som brukes til eller bæres i forbindelse med arbeid, friluftsliv eller annet aktverdig formål.»
Bakgrunnsstoff |
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|