Tradisjonelle folkedrakter frå Aust-Telemark, truleg frå 1880-åra. Drakter som dette er grunnlaget for moderne bunadar. Foto: Axel Lindahl Bunad frå Eggedal i Buskerud fotografert i 1906. Bunad (frå kledebunad , der norrønt «búnaðr» har same rot som (føre)bu) er ei samnemning brukt om klesdrakter i tradisjonell nordisk stil — ofte utvikla frå folkedrakter, men likevel i ein eigen tradisjon. Ein bunad er typisk ei forseggjort og kostbar drakt, med mykje broderi, og med handsmidde smykke i gull eller sølv, særleg dei særeigne søljene, som obligatorisk prynad i tillegg. Bunad og bunadbruk er eit debattemne med mange ulike oppfatningar, til dømes om kva som er ein bunad, og om ein kan endra på utforminga av draktene eller ikkje. Den norske bunadrørsla går tilbake til folkedansrørsla og føregangsfolk som Hulda Garborg og Klara Semb. I dag blir bunad brukt som nasjonaldrakt. Festbunad er likestilt med galla-antrekk, og ofte nytta ved særskilde høve, som konfirmasjonar eller d