Graham Land
Koordinatar: 66°00′S 63°30′W Nordlege Graham Land og omliggande øyar 1 Den antarktiske halvøya, 2 James Ross Island, 3 D'Urville Island, 4 Joinville Island, 5 Dundee Island, 6 Snow Hill Island, 7 Vega Island, 8 Seymour Island, 9 Andersson Island, 10 Paulet Island, 11 Lockyer Island, 12 Eagle Island, 13 Jonassen Island, 14 Bransfield Island, 15 Astrolabe Island, 16 Tower Island Eit frimerke frå 1944 frå Falklandsøyane med overstempling for bruk i Graham Land. Graham Land er den delen av Den antarktiske halvøya som ligg nord for linja mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz. Denne skildringa av Graham Land samsvarar med avtalen frå 1964 mellom britiske Antarctic Place-names Committee og amerikanske Advisory Committee on Antarctic Names, der namnet «Den antarktiske halvøya» vart godkjend som namn på den store halvøya i Antarktis, og namna Graham Land og Palmer Land for dei høvesvis nordlege og sørlege områda. Graham Land er kalla opp etter Sir James R. ...