Bouvetøya
Koordinatar: 54°26′S 3°24′E Bouvetøya øy Bouvetøya sett i 1898. flagg Stad Sør-Atlanteren - koordinatar 54°26′S 3°24′E Høgaste punkt Olavstoppen - høgd 780 moh. Lengd 9,5 km Areal 49 km² - Isdekt 45,5 km² Folketal Ingen Kravd 1. desember 1927 - Annektert 23. januar 1928 - Norsk biland 27. februar 1930 [1] - Naturreservat 17. desember 1971 [2] Leiar Harald V - Administrasjon Polaravdelinga til Justisdepartementet Wikimedia Commons: Bouvet Island Bouvetøya (fransk Île Bouvet , tidlegare Liverpool Island ) er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. ...