Lugano
Lugano Kommunevåpenet til Lugano Plassering Styresmakter Land Sveits Kanton Ticino Distrikt Lugano Språk italiensk Borgarmeister Giorgio Giudici Geografi Flatevidd - kommune 32 km² Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik 54 667 1 708,3 /km² Koordinatar 46°00′0″N 8°57′0″E Koordinatar: 46°00′0″N 8°57′0″E Høgd over havet 273 moh Diverse annan informasjon Postnummer 6900 Nettstad: www.lugano.ch Lugano (latinsk Luganum ) er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia. Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har 54 667 innbyggjarar (2010) og eit areal på 32 km². I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore...