Jørgen Nash
Jørgen Nash Fødd 16. mars 1920 Q2191715 Død 17. mai 2004 København Yrke kunstmålar Jørgen Axel Nash (16. mars 1920–17. mai 2004), som opphavleg heite Jørgensen til etternamn, men skifta til Nash i 1941, var dansk kunstmålar og diktar, bror av den internasjonalt kjende kunstnaren Asger Jorn. Han likte å provosere til debatt, og påstod i ei bok frå 1977, En havfruemorder krydser sit spor , at det var han som hadde kutta hovudet av den vidgjetne skulpturen Den lille Havfrue i København 24. april 1964. Men det er aldri vorte prova at dette er sanning, og denne ugjerninga er framleis rekna som uoppklart. Nash var medlem av avantgardegruppa Situationistisk Internationale, ei venstreradikal gruppe av kunstnarar og intellektuelle som vart skipa i 1957, men vart i 1962 kasta ut av gruppa saman med nokre andre medlemmar på grunn av usemje om bruken av kunst i kampen for å snu om på samfunnet. Nash skipa deretter ei ny situasjonistisk gruppe, Bauhaus Situationis...