Posts

Showing posts from July 3, 2019

Vråliosen

Vråliosen er ei lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv38, ved den nordre breiddi av Vråvatn/Nisser. Frå Vråliosen er det omtrent like langt til kvart sentrum, det vera seg Fyresdal, Dalen i Tokke eller Vrådal i Kviteseid. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Grunna avstanden til sentrum i Kviteseid går dei fleste skulebarn på skole anten i Fyresdal eller på Dalen. Koordinatar: 59°21′47.9″N 8°10′10.9″E  This page is only for reference, If you need detailed information, please check here