Regionen Makedonia
Den gamle regionen Makedonia er i dag delt mellom Hellas (Gresk Makedonia), Nord-Makedonia, Bulgaria (provinsen Blagoevgrad), Albania (Mala Prespa og Golo Brdo), Serbia (Prohor Pčinjski og Gora). Makedonia er ein geografisk og historisk region på Balkan i det søraustlege Europa. Grensene vert rekna å ha endra seg over tid, men vert i dag som region rekna for å ligge i fem land på Balkan: Hellas, Nord-Makedonia, Bulgaria, Albania, Serbia, samt Kosovo. Regionen dekkjer om lag 67 000 km² og har ein folkesetnad på 4,76 millionar. Den eldste kjende busetnaden i regionen går tilbake om lag 9 000 år. Frå midten av 3000-talet fvt. var kongedømet Makedonia ei dominerande makt i Hellas og naboområda. Sidan den gong har Makedonia hatt ei mangfaldig historie. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Macedonia (region)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011. Autoritetsdata WorldCat VIAF GND LCCN NDL This page is only for reference, If you need detailed infor...