Geopotensiell høgd




Geopotensiell høgd er eit vertikalt mål på høgda over midla havnivå der ein bruker variasjonen av gravitasjonen med breiddegrad og høgd i stadenfor geometrisk høgd som er høgda i meter over havet. Vanlegvis brukar ein geopotensiell høgd om høgda mellom overflata og opp til eit visst trykknivå.


I den geometriske høgda h{displaystyle h} er geopotensialet definert som


Φ=∫0hg(ϕ,z)dz,{displaystyle Phi =int _{0}^{h}g(phi ,z),dz,,}


der g(ϕ,z){displaystyle g(phi ,z)} er tyngdeakselerasjonen, ϕ{displaystyle phi } er breiddegraden og z{displaystyle z} den geometriske høgda.


Altså er dette den potensielle energien per masse i dette nivået. Den geopotensielle høgda er


Zg=Φg0,{displaystyle {Z_{g}}={frac {Phi }{g_{0}}},,}


der g0{displaystyle g_{0}} er standard tyngdeaksellerasjon ved midla havnivå.


Meteorologar brukar ofte den geopotensielle høgda i stadenfor geometrisk høgd, fordi dei analytiske utrekningane ofte blir enklare. Til dømes kan dei primitive likningane, som numeriske vêrmodellar løyser, uttrykkast lettare ved å bruke geopotensiell høgd i stadenfor geometrisk høgd. Ved å bruke geopotensiell høgd fjernar ein sentrifugalkrefter og lufttettleik (som er vanskeleg å måle) i likningane.


Eit plott av geopotensiell høgd for eit enkelt trykknivå viser tråg og ryggar, høgtrykk og lågtrykk. Den geopotensielle tjukkleiken mellom to trykknivå - til dømes skilnaden i den geopotensielle høgda mellom 850 hPa og 1000 hPa - er proporsjonal til den midla virtuelle temperaturen i laget. Ein kan bruke geopotensielle høgdekotar til å rekne ut den geostrofiske vinden, som er sterkare der kotane ligg nærmare.



Litteratur |


  • Eskinazi, S. Fluid Mechanics and Thermodynamics of our Environment, 1975. ISBN 0-12-242540-5



Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum