Slaget ved Abrahamslettene





























Slaget ved Abrahamslettene
Del av sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen

Benjamin West 005.jpg
The Death of General Wolfe av Benjamin West. Olje på lerrett, 1770.














Dato
13. september 1759
Stad

Quebec City
Resultat
Avgjerande britisk siger

Partar

Flag of Great Britain (1707–1800).svg Storbritannia

Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar

James Wolfe †

Louis-Joseph, Marquis de Montcalm †
Styrkar
4800 regulære
2000 regulære
600 kolonisoldatar
1800 milits- og indianske soldatar
Tap
60 drepne
600 skadde[1]
200 drepne
1200 skadde[1]





Slaget ved Abrahamslettene, òg kalla slaget ved Quebec, var eit viktig slag i sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika). Slaget starta 12. september 1759 og vart utkjempa mellom Storbritannia og Frankrike på eit platå like utanfor murane til Quebec City. Slaget omfatta færre enn 10 000 soldatar samla sett, men var ein avgjerande augneblink i konflikten mellom Frankrike og Storbritannia om lagnaden for Ny-Frankrike, som seinare skulle medverke til skipinga av Canada.[2]


Britane hadde omleira byen i tre månader og kulminerte med slaget, som varte mindre enn ein time. Dei britiske troppane kommandert av general James Wolfe stod imot dei framrykkande franske og kanadiske troppane under Louis-Joseph, Marquis de Montcalm. Dette klarte dei ved å nytte nye taktikkar som synte seg særs effektive mot det som var standard militærformasjonar nytta i dei fleste europeiske konfliktane på denne tida. Begge generalane vart dødeleg skadde under slaget. Wolfe døydde berre nokre få minuttar ut i kampen, medan Montcalm døydde morgonen etter. Etter slaget kom dei gjenverande franske styrkane i Canada og resten av Nord-Amerika under aukande press frå dei britiske styrkane.


Franskmennene heldt fram kampen og sigra i fleire slag etter at Quebec var tapt, men britane gav aldri opp att festninga i Quebec. Dette smitta over på andre område i Nord-Amerika og innan fire år var nesten alle dei franske områda i det austlege Nord-Amerika avståtte til Storbritannia.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Battle of the Plains of Abraham» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Borneman, Walter R. (2007), The French and Indian War, Rutgers, ISBN 9780060761851 





  1. 1,01,1 Borneman 2007, s. 223.


  2. «slaget ved Quebec». 2007. Arkivert frå originalen 2008-12-08. 






Bakgrunnsstoff |



  • Sjuårskrigen på kanadisk krigsmuseum

  • Ein soldat fortel om Abrahamslettene

  • Slaget ved Abrahamslettene på sida om historia til Quebec

  • Abrahamslettene på Google Maps


  • Animert kart over slaget ved Quebec av Jonathan Webb

  • NFB-dokumentar Wolfe and Montcalm


Koordinatar: 46°48′11″ N 71°12′54″ W







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum