Ray Wilson
Ray Wilson | |
Ray Wilson at Leamington Spa 2006 | |
Fødd | 8. september 1968 (50 år) |
---|---|
Fødestad | Dumfries i Skottland |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1990[1] til i dag |
Sjanger | Rock, post-grunge |
Instrument | Vokal, gitar, bass, munnspel |
Tilknytte artistar | Stiltskin, Genesis, Cut_. Guaranteed Pure |
Plateselskap | InsideOut Music, Virgin |
Verka som | Musikar |
Ray Wilson (fødd 8. september 1968) er ein skotsk musikar, mest kjend som vokalist i post-grunge-bandet Stiltskin og i Genesis mellom 1996 og 1998.[2] Han har gjeve ut åtte soloalbum (inkludert fem konsertalbum) og fem album med banda sine.
Wilson starta i eit band kalla Guaranteed Pure i 1990. Dei gav ut eit album kalla Swing Your Bag. Han vart så medlem av Stiltskin som gav ut eitt album og hadde ein stor hitt med singelen «Inside».
Wilson er truleg mest kjend som vokalist i Genesis frå 1996 til 1998 etter at Phil Collins offisielt slutta i mars 1996. Wilson vart offisielt annonsert som ny songar i Genesis i juni 1997. Det einaste albumet dei spelte inn med Wilson, ...Calling All Stations..., kom ut same månaden og nådde Topp 10 i mange land. Dei turnerte Europa vinteren og våren, men ikkje i Amerika på grunn av dårleg platesal der. Etter dette annonserte bandet at dei kom til å ta ein lengre pause og Wilson forlét bandet.
Wilson spelte sidan inn albumet Millionairhead som eit soloprosjekt kalla Cut_. I 2003 gav han ut eit soloalbum under sitt eige namn, kalla Change. Året etter gav han ut albumet The Next Best Thing og i 2006 gav han ut eit Stiltskin-album kalla She.
Innhaldsliste
1 Diskografi
1.1 Solo
1.2 Guaranteed Pure
1.3 Stiltskin
1.4 Genesis
1.5 Cut_
2 Kjelder
3 Bakgrunnsstoff
Diskografi |
Solo |
- Studio
- 2003 Change - #88 Germany
- 2004 The Next Best Thing
- 2008 Propaganda Man
- Konsertalbum
- 2002 Live and Acoustic (tidlegare kalla «Unplugged»)
- 2005 Ray Wilson Live
- 2006 An Audience and Ray Wilson (limited edition CD and download)
- 2009 Genesis Klassik
- 2009 Ray Wilson and the Berlin Symphony Ensemble, Genesis Classic
- 2011 Genesis Classic: Live In Poznań
Guaranteed Pure |
- 1993 Swing Your Bag
Stiltskin |
- Studioalbum
- 1994 The Mind's Eye
- 2006 She
- 2011 Unfulfillment[3]
- Konsertalbum
- 2007 Stiltskin Live
Genesis |
- 1997 Calling All Stations - #2 UK, #54 U.S.
Cut_ |
- 1999 Millionairhead
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ray Wilson (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ http://www.worldofgenesis.com/Biography-RayWilson.htm
↑ John Sakamoto (6 June 1997). «Genesis names new singer». Canoe. Henta 21. september 2012.
↑ «Ray Wilson and Stiltskin Live». Raywilson.net. Henta 2011-07-17.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Genesis | |
---|---|
Tony Banks · Mike Rutherford · Phil Collins Peter Gabriel · Anthony Phillips · Chris Stewart · John Silver · John Mayhew · Mick Barnard · Steve Hackett · Ray Wilson
| |
Studioalbum | From Genesis to Revelation · Trespass · Nursery Cryme · Foxtrot · Selling England by the Pound · The Lamb Lies Down on Broadway · A Trick of the Tail · Wind & Wuthering · ...And Then There Were Three... · Duke · Abacab · Genesis · Invisible Touch · We Can't Dance · Calling All Stations |
Konsertalbum | Genesis Live · Seconds Out · Three Sides Live · The Way We Walk, Volume One: The Shorts · The Way We Walk, Volume Two: The Longs · Live over Europe 2007 |
Samlealbum | Turn It On Again: The Hits · Platinum Collection |
Singlar og EPar | «The Silent Sun» · «A Winter's Tale» · «Where the Sour Turns to Sweet» · «The Knife (Part 1)» · «Happy the Man» · «Watcher of the Skies» · «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» · «Counting Out Time» · «The Carpet Crawlers» · «Entangled» · «A Trick of the Tail» · «Your Own Special Way» · «Spot The Pigeon (EP)» · «Follow You Follow Me» · «Many Too Many» · «Turn It On Again» · «Duchess» · «Misunderstanding» · «Abacab» · «No Reply at All» · «Keep It Dark» · «Man on the Corner» · «3X3 (EP)» · «Paperlate» · «Mama» · «That's All» · «Home by the Sea» · «Illegal Alien» · «Taking It All Too Hard» · «Invisible Touch» · «Throwing It All Away» · «Land of Confusion» · «In Too Deep» · «Tonight, Tonight, Tonight» · «No Son of Mine» · «I Can't Dance» · «Hold on My Heart» · «Jesus He Knows Me» · «Never a Time» · «Invisible Touch (Live)» · «Tell Me Why» · «Congo» · «Shipwrecked» · «Not About Us» · «The Carpet Crawlers 1999» · «The Silent Sun 2006» |
|