1814

Multi tool use
Multi tool use












< 1814 >




1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816






















1814 (romartal MDCCCXIV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.


Året var prega av Napoleonskrigane, som førte til krigshandlingar og politiske omveltingar fleire stader i verda, til dømes gjennom Kielfreden, Gent-traktaten og wienerkongressen. Napoleon abdiserte og drog i eksil, og monarkiet blei gjeninnført i Frankrike. I Noreg vart unionen med Danmark oppheva, grunnlova vert vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde


  • 4 Bakgrunnsstoff





Hendingar |



Utlandet |




Slaget om Paris, måla av Bogdan Willewalde i 1834.




Signeringa av Gent-traktaten. Måleri frå 1914 av Amédée Forestier.




  • 14. januar: Gjennom Kieltraktaten (Kielfreden) gav Danmark herredømet over Noreg til Sverige, og fekk herredømet over Vest-Pommern.


  • 29. januar: Den sjette koalisjonskrigen. Keisar Napoleon I av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Brienne.


  • 31. januar: Gervasio Antonio de Posadas blei øvste direktør for dei sameinte Río de la Plata-provinsane, forløparen til Argentina.


  • 14. februar: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Vauchamps.


  • 18. februar: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over austerrikske og württembergiske styrkar leidde av kongen av Württemberg i slaget ved Montereau.


  • 7. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Craonne.


  • 10. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher sigra over Napoleon av Frankrike i slaget ved Laon.


  • 12. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Den franske kongssonen Louis-Antoine, hertug av Angoulême, gjekk inn i Bordeaux, noko som markerte restaurasjonen av Bourbon-dynastiet.


  • 25. mars: Skipinga av Den nederlandske banken, sentralbanken i Nederland.


  • 27. mars: 1812-krigen. USA-amerikanske styrkar leidde av general Andrew Jackson sigra over creekfolk i slaget ved Horseshoe Bend i Nord-Alabama.


  • 30. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Styrkar frå koalisjonen mot Napoleon gjekk inn i Paris. Underskrivinga av Paris-traktaten enda krigen offisielt.


  • 6. april: Bourbon-restaurasjonen. Hertug Ludvig av Provence, seinare Ludvig XVIII av Frankrike, blei beden om å ta den franske trona.


  • 10. april: Den spanske sjølvstendekrigen. Franske styrkar under Jean-de-Dieu Soult kjempa mot franske, spanske og portugisiske styrkar i Toulouse. Begge sider hadde store tap, og begge hevda seinare at dei hadde sigra.


  • 11. april: Napoleon abdiserte som keisar av Frankrike.


  • 25. juli: George Stephenson prøvde ut det første lokomotivet sitt, Blucher, i Killingworth i England.


  • 7. august: Pave Pius VII gjenoppretta jesuittordenen i heile verda med bullen Sollicitudo omnium ecclesiarum.


  • 13. august: London-konvensjonen mellom Storbritannia og Nederland blei underskriven. Konvensjonen gav Nederland tilbake dei fleste koloniane landet hadde hatt i 1803 før Napoleonskrigane.


  • 24. august: 1812-krigen. Britiske styrkar okkuperte Washington D.C. og sette fyr på fleire bygningar, mellom dei Det kvite huset og Capitol.


  • 13. september: 1812-krigen. Slaget ved Baltimore var eit vendepunkt i krigen. Det amerikanske forsvaret av Fort McHenry inspirerte Francis Scott Key til å skriva diktet som seinare blei nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner».


  • 16. oktober: Ølflaumen i London fann stad då oppimot 1,5 mill. liter øl flauma utover Tottenham Court Road. Fleire menneske mista livet.


  • 7. november: 1812-krigen. Andrew Jackson tok Pensacola i Florida.


  • 24. desember: 1812-krigen enda offisielt då Gent-traktaten blei underskriven.



Noreg |





Måleriet Eidsvold 1814 blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter riksforsamlinga på Eidsvoll.


Unionen med Danmark vart oppheva, grunnlova vart vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige.




  • 14. januar: Gjennom Kieltraktaten (Kielfreden) gav Danmark herredømet over Noreg til Sverige.


  • 11. februar: Proklamering av norsk sjølvstende etter at landet hadde vore under dansk styre frå 1380.


  • 16. februar: Stormannsmøtet på Eidsvoll.


  • 25. mars: Folkeeiden og utveljinga til riksforsamlinga tok til.


  • 10. april: Riksforsamlinga opnar på Eidsvoll.


  • 16. mai: Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok den norske grunnlova.


  • 17. mai: Den norske grunnlova vart underskriven av Riksforsamlinga på Eidsvoll. Den danske kronprinsen Christian Frederik vart vald til konge av Noreg.


  • 28. juli: Krig braut ut mellom Sverige og Noreg. Krigen varte i to veker.


  • 9. august: Slaget ved Langnes skanse vart det siste store slaget mot svenskane.


  • 14. august: Våpenstillstandavtale i krigen mot Sverige. Mossekonvensjonen vart underteikna.


  • 20. oktober: Unionen mellom Noreg og Sverige blei vedteken.


  • 4. november: Novembergrunnlova. Den norske grunnlova vart revidert for å tilpassa ho til personalunionen med Sverige.


  • 4. november: Karl XIII av Sverige vart norsk konge som Karl II.



Fødde |


Sjå òg Fødde i 1814.



Samtidig teikning av Hong Xiuquan.




  • 1. januar: Hong Xiuquan, kinesisk opprørar


  • 4. januar: Christian Birch-Reichenwald, norsk embetsmann og politikar


  • 26. mars: Carl Fredrik Diriks, norsk teiknar og embetsmann


  • 27. januar: Eugène Viollet-le-Duc, fransk arkitekt


  • 30. mars: Mikhail Bakunin, russisk revolusjonær


  • 1. april: Søren Jaabæk, norsk bonde og politikar


  • 21. april: Angela Burdett-Coutts, britisk velgjerar


  • 19. juli: Samuel Colt, amerikansk oppfinnar og våpenmakar


  • 10. august: Ketil Motzfeldt, norsk embetsmann og politikar


  • 13. august: Anders Jonas Ångström, svensk fysikar og astronom


  • 14. august: Adolph Tidemand, norsk målar


  • 27. august: Heinrich Ernst Schirmer, tysk arkitekt


  • 15. oktober: Mikhail Lermontov, russisk diktar


  • 6. november: Adolphe Sax, belgisk musikar, oppfinnar av saksofonen


  • 13. desember: Ana Néri, brasiliansk sjukepleiepioner



Døde |


Sjå òg Døde i 1814.



Joséphine de Beauharnais måla rundt 1812 av Firmin Massot.



  • 26. februar: Johan Tobias Sergel, svensk kunstnar

  • 27. februar: Margaret Bingham, britisk målar og forfattar

  • 6. mai: Georg Joseph Vogler, tysk komponist

  • 29. mai: Joséphine de Beauharnais, fransk keisarinne

  • 21. august: Benjamin Thompson, angloamerikansk fysikar og oppfinnar

  • 16. oktober: Georg Wasmuth, norsk offiser og eidsvollsmann

  • 28. august: Erik Must Angell, norsk jurist og politikar

  • 8. september: Maria Karolina av Austerrike, dronning av Napoli og Sicilia

  • 19. oktober: Mercy Otis Warren, USA-amerikansk forfattar

  • 18. november: Aleijadinho, brasiliansk bilethoggar og arkitekt



Bakgrunnsstoff |



<<   1800-talet   >>

<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>









8ghLWUUMSBXZ,4sbTCUGEhkQftF45d52yjdW6GOZlVecWo,K8Vef2fPe8EMRXosW
z4rvBEdhCl,9vdOk7w6BMyf6ePX7DQ2ikT M

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669