Dei fem søylene i islam
Islam |
Dei fem søylene |
sjahádah (trusvedkjenning) |
salah (bøn) |
zakát (almisser) |
ramadán (fastemånaden) |
hadj (valfart til Mekka) |
Andre omgrep i islam |
jihad |
Dei fem søylene i islam er namnet på dei mest grunnleggjande rituala i sunni-islam. Omgrepet vert ikkje nytta i sjia-islam, men rituala er å finna att i Usūl al-Dīn (religionen sine røter) og Furū al-Dīn (religionen sine greiner).
Dei fem søylene i islam |
Trusvedkjenninga (Sjahada) - erklæringa av at ingen er verd å dyrka unnateke Gud og at Muhammed er Gud sin bodbringar.
Bøn (Salát) - dei fem daglege bønene
Almissar (Zakat) - som generelt er 2.5 % av oppsparte midlar for den rike i handel og industri og 10% til 20 % av årleg produksjon for jordbrukarar. Desse pengane, eller produkta, vert distribbuert blant fattige.
Faste (Sawm) - å lata vera å eta, drikka og ha seksuell omgang mellom soloppgang og solnedgang i fastemånaden ramadan, den niande månaden i den islamske kalenderen.
Pilegrimferda til Mekka (Hadj) - pilegrimsferda vert gjort i månaden Zul Hijjah, og alle muslimar som er i stand til å utføra ho skal reisa i pilegrimsferd minst ein gong i løpet av livet.
Andre søyler? |
Hjå khawaridjittane, ei tidleg muslimsk sekt, samt hjå enkelte moderne djihadistar, vert djihad (bokstaveleg tala strev, men gjerne tolka som heilag strid) rekna for å vera ei sjette søyle i islam. Ismailiane, ei retning av sjia-islam har sju søyler:
walaiah, kjærleik til Gud, profetane, imamen og dai-en.
tahara, reinleik
salah, bøna
zakah, almissar
sawm, faste
hadj, pilegrimferda
djihad, strev for Guds sak.
Drusarane, ei omstridd muslimsk gruppe har også sju søyler, dei fem vanlege, samt truskap mot imamen og strev for Gud sak.