Hanna Jensen
Hanna Jensen | |
| |
Parti | Framsókn, Fólkaflokkurin |
---|---|
Fødd | 19. februar 1973 |
Fødestad | Leirvík |
Hanna Jensen (fødd 19. februar 1973 i Leirvík) er ein færøysk adjunkt og politikar for partiet Framsókn. I februar 2019 vart ho medlem av Færøyanes regjering som utdannings- og forskingsminister.[1]
Etter studentereksamen har ho tatt mastergrad i færøysk og fransk språk og litteratur, i tillegg til eksamenar i pedagogikk og jus, ved Københavns Universitet og Fróðskaparsetur Føroya. Jensen har vore adjunkt og studietrettleiar ved den vidaregåande skulen i Kambsdalur sidan 2005, etter å ha undervist ved den tekniske skulen i Klaksvík. Jensen har òg vore timelærar i færøysk litteratur ved Føroya Læraraskúli. Ho er busett i Norðragøta.[2]
Jensen har vore medlem av kommunestyret i Eysturkommuna sidan 2009, og har leia både velferdsutvalet og kulturutvalet.[2][3] Ho representerte Fólkaflokkurin fram til 2011, då ho tok initiativ til å danna det nasjonale og liberale partiet Framsókn saman med Poul Michelsen.[4] Jensen har sidan vore nestformann i partiet. I perioden 2011–2015 var ho vararepresentant til Lagtinget, der ho periodevis møtte for representantane Poul Michelsen og Janus Rein.[5] I 2015 vart Jensen innvalgt som representant.
Jensen har vore fransk konsul på Færøyene sidan 2010.[6]
Referansar |
↑ «Tvey landsstýrisfólk sita fyri mentamálum» (færøysk). Løgmansskrivstovan. 14. februar 2019. Henta 28. februar 2019.
↑ 2,02,1 «Løgtingsvalið 2011. Valevni til løgtingsvalið. Hanna Jensen» (færøysk). Framsókn. 2011. Henta 26. juli 2014.
↑ «Býráðslimir» (færøysk). Eysturkommuna. Arkivert frå originalen 2015-09-24. Henta 26. juli 2014.
↑ Lindenskov, Eirikur (9. mars 2011). «Nýggi flokkurin hjá Poul eitur »Framsókn«». Sosialurin (færøysk). Arkivert frå originalen 2012-07-22. Henta 26. juli 2014.
↑ «Varamenn fyri tingmenn valdir 2011» (færøysk). Løgtingið. Henta 26. juli 2014.
↑ Poulsen, Leo (7. mai 2010). «Øskan forpurrar konsulskifti». Sosialurin (færøysk). Henta 26. juli 2014. [daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Hanna Jensen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2019.