Norsk Hydro


































Norsk Hydro
Selskapsform Aksjeselskap
Org.nr. 914778271
Skipa 1905
Styreleiar Terje Vareberg
Adm.dir. Svein Richard Brandtzæg
Tilsette 25 000
Nettstad www.hydro.no



Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg på Herøya i Porsgrunn. Gunneklevfjorden i forgrunnen.


Norsk Hydro (OSE: NHY er eit norsk energiselskap, ofte omtala berre som Hydro. Hydro har 25 000 tilsette, fordelt på verksemd i over 30 land. Selskapet er organisert i divisjonar for Energi og Aluminium. Selskapet er eit Fortune 500-selskap og inngår òg i Dow Jones-indeksen for berekraftige selskap i tillegg til FTSE4Good-indeksen.


Om lag to tredelar av eigarinteressene i Norsk Hydro er på norske hender. Den norske staten eig 43,8 prosent av selskapet.


Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Svein Richard Brandtzæg leier selskapet.
I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla, Karmøy, Høyanger, Årdal, Sunndalsøra, Holmestrand, Magnor og Raufoss.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Divisjonar


    • 2.1 Olje og energi


    • 2.2 Hydro Aluminium


    • 2.3 Anna verksemd




  • 3 Bakgrunnsstoff





Historie |


Selskapet vart grunnlagd den 2. desember 1905 av Sam Eyde og Kristian Birkeland med det fulle namnet Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab. Den svenske Wallenberg-familien hjelpte til med å finansiere det nye selskapet. Selskapet var basert på eit patent av Birkeland. Ein lysboge vart nytta til å laga nitrogenbasert kunstgjødsel. Til dette trengde ein elektrisk energi, som vart skaffa ved å byggja ut Svelgfossen ved Notodden.


I 1951 byrja selskapet å produsera magnesium. Det vart vedteke å byggja eit smelteverk for aluminium på Karmøy i 1963. Etter den fyrste konsesjonstildelinga for norsk kontinentalsokkel i 1964 har Hydro bygd opp ei stor petroleumsverksemd. Verksemda førte til ei satsing på petrokjemi. Satsinga på aluminium vart forsterka i 1986 då lettmetalldivisjonen vart fusjonert med Årdal og Sunndal Verk. I 2002 vart tyske Vereinigte Aluminium Werke kjøpt opp. I 2004 vart landbruksseksjonen skilt ut som eit eige selskap og børsnotert under namnet Yara International ASA. Hydro dreiv òg ei tid med fiskeoppdrett. Oppdrettsverksemda vart seld til nederlandske Nutreco i 2000.



Divisjonar |



Olje og energi |


Hydro Olje & Energi var operatør for 15 olje- og gassinstallasjonar fram til 2007, då avdelinga slo seg saman med Statoil og danna StatoilHydro. I 2003 var selskapet sin gjennomsnittlege eigenproduksjon på 530 000 fat olje pr. dag. Det var norsk kontinentalsokkel som var selskapets hovudbase, men Hydro dreiv i tillegg med petroleumsverksemd i Angola, Canada, Russland og Libya. Selskapet var ansvarleg for utbygginga av naturgassfeltet «Ormen Lange-feltet» utanfor Midt-Noreg.


Selskapet har òg verksemd knytt til vasskraft og vindkraft. I tillegg vert det drive med handel knytt til energi over heile Europa.



Hydro Aluminium |


Hydro Aluminium er mellom dei tre største aluminiumsselskapa i verda og har 27 000 tilsette, i hovudsak i Noreg og Tyskland. Selskapet driv med både aluminiumproduksjon og vidareforedling av aluminium. Arbeidet inkluderer både valsing, ekstrudering og støypte komponentar.



Anna verksemd |


Avdelinga for «Andre virksomheter» er definert å liggja utanfor Hydro sine to kjerneområde. Her ligg aktivitetar som Hydro Polymers (petrokjemi), fiskeforprodusenten Biomar, Hydro Business Partner og skadeforsikringsselskapet Industriforsikring.



Bakgrunnsstoff |



  • Hydro sin nettstad

  • Yara sin nettstad





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum