Tungtvatn




Tungtvatn er vatn (H2O){displaystyle (H_{2}O)} der dei to hydrogenatoma (H) i molekylet er tungt hydrogen (2H){displaystyle (^{2}H)}, såkalla deuterium (D). Tungtvatn blir òg kalla deuteriumoksid (D2O){displaystyle (D_{2}O)}.






































Eigenskapar    Tungtvatn

Naturleg vatn

Molekylvekt (u)
20,02760 18,01528

Tettleik (g/cm³) ved 25 °C
1,10452 0,99701
Høgste tettleik (g/cm³) 1,10602 1,00000

Temperatur (°C) ved høgste tettleik
11,23 3,98

Frysepunkt (°C)
3,81 0,00

Kokepunkt (°C)
101,42 100,00



Innhaldsliste






  • 1 Eigenskapar


  • 2 Førekomst og framstilling


  • 3 Bruk


  • 4 Sjå òg





Eigenskapar |


Tungtvatn har liknande kjemiske eigenskapar som naturleg vatn, men er noko mindre reaktivt. Tabellen til høgre samanliknar nokre eigenskapar for tungtvatn og naturleg vatn.


Tungtvatn er ikkje giftig i små mengder, men ved inntak av større mengder kan stoffskiftet sakka ned av di vatn inngår i dei fleste biokjemiske reaksjonar, og tungtvatn altså er mindre reaktivt.



Førekomst og framstilling |


Om lag 1/6000 av molekyla i naturleg vatn er tungtvatn, og tungtvatn kan framstillast ved destillasjon eller elektrolyse av naturleg vatn. For framstilling av tungtvatn i industriell skala er det mest økonomisk å kombinera desse metodane med andre kjemiske prosessar som t.d. ammoniakk/hydrogenutbyting eller hydrogensulfid/vassutbyting.



Bruk |


Tungtvatn blir brukt som kjølevatn i atomreaktorar fordi det inneheld fleire nøytron enn naturleg vatn og bremsar ned nøytron frå kjernereaksjonane i brennstoffet utan å absorbera dei, slik at desse nøytrona lettare kan delta i nye kjernereaksjonar.


Tungtvatn har null magnetisk moment sjølv om det blir plassert i eit sterkt magnetfelt og forstyrrar ikkje analyse av nukleærmagnetresonans (NMR) i kjemiske stoff, og kan difor brukast som løysemiddel under slik analyse.



Sjå òg |



  • Vemork


  • Tungtvassaksjonen

    Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum