Vråliosen




Vråliosen er ei lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv38, ved den nordre breiddi av Vråvatn/Nisser. Frå Vråliosen er det omtrent like langt til kvart sentrum, det vera seg Fyresdal, Dalen i Tokke eller Vrådal i Kviteseid. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Grunna avstanden til sentrum i Kviteseid går dei fleste skulebarn på skole anten i Fyresdal eller på Dalen.


Koordinatar: 59°21′47.9″N 8°10′10.9″E







Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

How were these pictures of spacecraft wind tunnel testing taken?