Norvegia-ekspedisjonane






«Norvegia»
Foto: Frank Hurley



Norvegia-ekspedisjonane syner til fire norske antarktisekspedisjonar som vart gjennomført i perioden 1927–1931. Ekspedisjonane vart primært sendt for å utforske kvalførekomstar i Sørishavet, og var finansiert av kvalfangstpioneren Lars Christensen. Ekspedisjonane annekterte òg fleire område for Noreg, blant anna Bouvetøya i 1927 og Peter I Øy i 1929, og oppdaga fleire til då ukjende landområde.


Ekspedisjonane nytta det ombygde selfangstskipet «Norvegia», som har gjeve namn til ekspedisjonane. Dei to siste ekspedisjonane nytta òg fly for rekognosering. Norvegia-ekspedisjonane vart vidareført gjennom Thorshavn-ekspedisjonane, òg finansiert av Christensen.




Innhaldsliste






  • 1 Den første Norvegia-ekspedisjonen


  • 2 Den andre Norvegia-ekspedisjonen


  • 3 Den tredje Norvegia-ekspedisjonen


  • 4 Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Den første Norvegia-ekspedisjonen |




Frå annekteringa av Bouvetøya 1. desember 1927


Den første Norvegia-ekspedisjonen (1927/28) vart leia av kaptein Harald Horntvedt og gjorde undersøkingar ved Sør-Georgia og på Bouvetøya. 1. desember 1927 gjekk ekspedisjonen i land på Bouvetøya, den første dokumenterte ilandstiginga på øya nokosinne.[1]
Det norske flagget vart planta i bakken og øya erklært for norsk territorium. Ekspedisjonen gjorde vitskaplege observasjonar og kartlegging, og i havet rundt øya vart det gjort oseanografiske observasjonar. Ei lita hytte vart bygd på eit av dei få ilandstigingsstedane og vart namngjeven Ny Sandefjord.


I planane inngjekk det òg å nå fram til Enderby Land og utforske området vidare mot Weddellhavet. Dette klarte dei derimot ikkje å gjennomføre.[2]


Det vart gjort meteorologiske og oseanografiske undersøkingar av cand.mag Ditlef Rustad og amanuensis Håkon Mosby, og dessutan vitskapleg arbeid over krill, den viktigaste kvalføden, av zoologen dr. Ola Olstad.[3]
Geologiske undersøkingar vart gjort av Olaf Holtedahl.



Den andre Norvegia-ekspedisjonen |




Frå annekteringa av Peter I Øy 2. februar 1929


Den andre Norvegia-ekspedisjonen (1928/29) vart leia av Ola Olstad. Kaptein på «Norvegia» var Nils Larsen, som hadde delteke på den første ekspedisjonen som førstestyrmann. Det vart gjort undersøkingar frå Bouvetøya til vest for Sør-Shetlandsøyane. 2. februar 1929 vart den første ilandstiginga på Peter I Øy gjennomført, og øya vart annektert for Norge. Det vart bygt ei hytte på øya og etablert eit depot for eventuelt seinare ekspedisjonar.[4]


Ekspedisjonen hadde òg til føremål å etablere ein bemanna meteorologisk radiostasjon på Bouvetøya, men fann ikkje noko eigna stad. Hytta som vart sett opp året før var borte og ekspedisjonen sette opp to nye hytter, ei på Kapp Circoncision og ei på Larsøya.



Den tredje Norvegia-ekspedisjonen |




Finn Lützow-Holm plantar det norske flagget i Enderby Land


Den tredje Norvegia-ekspedisjonen (1929/30) vart leia av Hjalmar Riiser-Larsen, og Nils Larsen var òg denne gongen kaptein på «Norvegia». Hovudmålet med ekspedisjonen var å gjennomføre den mislukka planen frå den første Norvegia-ekspedisjonen med å nå frem til Enderby Land på det antarktiske kontinentet og utforske områda vidare til Weddellhavet. Det skulle òg gjerast forsøk å nå inn til land, dersom tilhøva gjorde det mogeleg. Det skulle òg gjennomførast oseanografiske og meteorologiske undersøkingar.


Flygarane Riiser-Larsen og Finn Lützow-Holm nytta fly til å rekognosere, kartlegge og fotografere. Dette var første gong ein antarktisk ekspedisjon brukte fly til vitskapelege føremål.[5]
Bouvetøya vart kartlagt og fotografert frå lufta, og òg denne gongen vart det sett opp to depothytter på øya, ei på Kapp Circoncision og ei mindre på Larsøya.


Etter å ha vitja Bouvetøya, gjekk turen vidare mot det antarktiske kontinentet. 22. desember 1929 landet Riiser-Larsen og Lützow-Holm på Enderby Land og planta det norske flagget. Seinare vart vestkysten av Enderby Land kartlagt, og Kronprins Olav Kyst og Kronprinsesse Märtha Kyst vart oppdaga og kartlagt.


Den sesongmessige variasjonen av pakkisen under påverknad av straum og vind vart observart. Det vart òg henta vassprøver og planktonprøver, samt kartlagd nye kvalfelt.[2]



Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen |


Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen (1930/31) var frå starten leia av Gunnar Isachsen, med Nils Larsen som kaptein. Det vart først gjort ei reise kring hele kontinentet med føremål å kartlegge kvalførekomstar og gjere oseanografiske, meteorologiske og biologiske undersøkingar. Det vart òg leita etter Trulsøya, Nimrodøyane og Doghertyøya som tidlegare var blitt rapportert observert, men resultatlaus leiting førte til konklusjonen at dei må ha vore isfjell.


Frå februar 1931 overtok Hjalmar Riiser-Larsen leiinga av ekspedisjonen, som inkluderte ytterlegare rekognosering og kartlegging frå fly. Den 17. februar 1931 vart Prinsesse Ragnhild Kyst annektert.[6]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Norvegia-ekspedisjonene» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Gunnar Isachsen (1934) Norvegia rundt sydpollandet: Norvegia-ekspedisjonen 1930-1931, Gyldendal, Oslo

  • Hjalmar Riiser-Larsen (1930) Mot ukjent land: Norvegia-ekspedisjonen 1929-1930, Gyldendal, Oslo

  • Robert K. Headland (1990). Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events. Cambridge University Press. ISBN 0-521-30903-4





  1. Olav Orheim (2008). «Hvordan Norge fikk Dronning Maud Land». Norge i Antarktis. Schibsted Forlag. s. 51-52. ISBN 978-82-516-2589-0. 


  2. 2,02,1 «Norvegia III». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp) Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «NorvegiaIII» er definert fleire gonger med ulikt innhald


  3. «Norvegia I». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp)


  4. «Norvegia II». Henta 12. januar 2009.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  5. Susan Barr (1987). Norway's Polar Territories (engelsk). Aschehoug. s. 58-64. 


  6. «Norvegia IV». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp)






Bakgrunnsstoff |



  • «Norvegia». lardex.net



Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029