Ny-Frankrike
Vice-royauté de Nouvelle-France Statthaldarskapet Ny-Frankrike | |||||||||||||||
Fransk koloni | |||||||||||||||
| |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||
Hovudstad | Quebec | ||||||||||||||
Språk | Fransk | ||||||||||||||
Religion | Romersk-katolsk | ||||||||||||||
Styreform | Monarki | ||||||||||||||
Konge | |||||||||||||||
- 1663-1715 | Ludvig XIV | ||||||||||||||
- 1715-1763 | Ludvig XV | ||||||||||||||
Historie | |||||||||||||||
- Kongeleg kontroll | 1663 | ||||||||||||||
- Kapituleringa til Quebec | 1759 | ||||||||||||||
- Kapituleringa til Montreal | 1760 | ||||||||||||||
- Paris-traktaten i 1763 | 10. februar 1763 | ||||||||||||||
Valuta | Livre | ||||||||||||||
|
Statthalderskapet Ny-Frankrike (fransk Vice-royauté de Nouvelle-France) var området som Frankrike koloniserte i Nord-Amerika, i perioden som startar med utforskinga til Jacques Cartier av St. Lawrence-elva i 1534, til Ny-Frankrike vart avstått til Spania og Storbritannia i 1763. På det største i 1712 (før Utrecht-traktaten) dekte Ny-Frankrike området frå Newfoundland til Rocky Mountains, og frå Hudsonbukta til Mexicogolfen. Området vart så delt i fem koloniar, kvar med sitt eige styre: Canada, Acadia, Hudsonbukta, Newfoundland, (Plaisance)[2] og Louisiana. Utrecht-traktaten gjorde at Frankrike gav opp krava på fastlandsdelen av Acadia, Hudsonbukta og Newfoundland, og oppretta kolonien Île Royale (Cape Breton-øya) som etterfølgjaren til Acadia.[1]
I dag er det berre øygruppa Saint-Pierre og Miquelon av Ny-Frankrike som framleis er under fransk kontroll.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «New France» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2009.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Control and Order in French Colonial Louisbourg, 1713-1758, Andrew John Bayly Johnston, 2001, MSU Press s. 8-9[1]