Follow You Follow Me














































Follow You Follow Me
Singel av Genesis
frå albumet ...And Then There Were Three...


B-side
«Ballad of Big» (UK)
«Inside & Out» (US)

Utgjeve
25. februar 1978

Innspelt
September – oktober 1977

Sjanger

Softrock

Lengd
3:59

Selskap
Charisma/Virgin (UK)
Atlantic (USA)

Låtskrivar(ar)

Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford

Produsent
David Hentschel og Genesis

Genesis-kronologi
«Your Own Special Way»
(1977)

Follow You Follow Me
«Many Too Many»
(1978)




«Follow You Follow Me» er ein song frå 1978 av Genesis. Musikken vart skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med tekst av Rutherford.[1] Han vart opphavleg gjeven ut på albumet …And Then There Were Three…, og så som singel. Singelen vart den første av Genesis som slo igjenn i USA med topplassering på 23. plass. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia.[2] Singelen bana veg for den meir radiovennlege retninga Genesis kom til å ta det neste tiåret.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Komposisjon


  • 3 Musikkvideo


  • 4 Medverkande


  • 5 Andre versjonar


  • 6 Kjelder





Bakgrunn |


Den langsamare, sentimentale «Follow You Follow Me» var eit steg til side for det Genesis hadde laga av musikk til no, og skilde seg òg ut frå resten av albumet med ein enkel melodi, romantisk tekst og ein vers-refreng-struktur. Sjølv om tidlegare album òg hadde inneheldt kjærleiksballadar, som «More Fool Me» på Selling England by the Pound og «Your Own Special Way» frå Wind & Wuthering, vart «Follow You Follow Me» den første store popsuksessen til Genesis. Bandet var samde om at dei hovudsakleg hadde mannlege fans i publikum og skreiv denne songen spesifikt retta mot kvinner.[3]



Komposisjon |


Songen starta med ein akkordsekvens av gitarist Mike Rutherford, som òg hevdar han skreiv teksten på kring fem minutt. På den tida skreiv bandet vanlegvis songar kvar for seg, men denne songen skal ha vorte skrive i samarbeid mellom heile bandet.[1]



Musikkvideo |


Musikkvideoen for songen var ei framføring av bandet, som dei mima til. Denne kom sidan ut på DVDenThe Video Show.



Medverkande |




  • Phil Collins – vokal, trommer


  • Tony Banks – klaverinstrument


  • Mike Rutherford – gitar, bassgitar



Andre versjonar |



  • Tidlegare Genesis-songar Ray Wilson spelar songen akustisk på soloalbumet hans Ray Wilson Live.

  • Songen vart spelt av det amerikanske bandet Red House Painters for den første utgva av Badman's Shanti Project Collection.


  • Eurodisco-duoen Marx & Spencer spelte inn songen i 1984.

  • Songen er nytta i fjernsynsserien Cold Case (sesong 1 episode 12, «Glued»), og kan høyrast ei kort stund i filmen I Now Pronounce You Chuck and Larry frå 2007.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 "Genesis Look at Themselves - An Autodiscography». Trouser Press magazine, mars 1982 issue


  2. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.


  3. Genesis: A Biography, by Dave Bowler and Bryan Dray ISBN 0-283-06175-8




























Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum