Handball-VM 2005 for kvinner






Ispalasset i St. Petersburg


Verdsmeisterskapen i handball 2005 for kvinner, den 17. i rekka, vart avvikla i tida 5. til 18. desember 2005 i St. Petersburg i Russland. Til saman 24 land deltok i turneringa. Russland vann meisterpokalen for andre gong etter finalesiger 28-23 mot Romania.



VM-finalen |


Finalen mellom semifinalevinnarane Russland og Romania fann stad i Ispalasset i St. Petersburg fremfor 10 500 tilskodarar. Russland dominerte fyrsteomgangen og leia 17-12 ved pause. I andre omgangen kontrollerte russarane kampen inn til sluttresultatet 28-23.


Heile ti av dei russiske spelarane kom på skåringslista. Flest mål skåra Ljudmila Postnova med 7, vidare netta Jelena I. Poljonova 5 gongar, Ljudmila Bodnijeva, Emilija Turej og Irina Poltoratskaja 3, Natalija Sjipilova og Jana Uskova 2, Anna Kurepta, Katerina Marennikova, Jelena Sergejeva, alle 1 gong, medan Anna Karejeva, Oksana Romenskaja og målvaktene Tatjana Alizar og Marija Sidorova vart verande mållause. Irina Bliznova og Polina Vjakhireva måtte sjå finalen frå tribunen.


Romania sin toppskårar var Valentina Ardean Elisei med sju nettkjenningar.


Gilles Bord og Olivier Buy frå Frankrike dømde finalekampen. Dei straffa Russland med seks 2-minuttsutvisingar og Romania med fem.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «2005 World Women's Handball Championship» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2017.







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum