Handball-VM 2011 for kvinner




Verdsmeisterskapen i handball 2011for kvinner, den 20. i rekka, vart avvikla i tida 2. til 18. desember 2011 i Delstaten São Paulo i Brasil. Til saman 24 land deltok i turneringa. Noreg vann meisterpokalen etter finalesiger 32-24 mot Frankrike.



VM-finalen |


Finalen mellom semifinalevinnarane Frankrike og Noreg fann stad i São Paulo framfor 4 000 tilskodarar. Dei norske kvinnene starta forrykande i fyrste omgangen og leia med seks mål ved pause, 19-13. Sidan var ikkje sigeren truga og sluttresultatet vart 32-24 til Noreg.


På Noregs lag spelte burvaktarane Katrine Lunde Haraldsen og Kari Aalvik Grimsbø og målskårarane Kristine Lunde-Borgersen 6, Linn Sulland 5, Amanda Kurtovic 4, Heidi Løke 4, Tonje Nøstvold 4, Karoline Breivang 2, Camilla Herrem 2, Kari Mette Johansen 2, Linn-Kristin Riegelhuth 2, Ida Alstad 1, medan Marit Frafjord, Gøril Snorroeggen, Mari Molid og Stine Oftedal gjekk mållause av finalearenaen.


Franske målskårarar var Claudine Mendy og Angélique Spincer 4, Siraba Dembélé og Nina Kamto Njitam 3, Audrey Bruneau, Audrey Deroin, Marie-Paule Gnabouyou, Paule Baudouin, alle 2, Raphaëlle Tervel og Camille Ayglon 1.


Matja Gubica og Boris Milosevic frå Kroatia dømde finalekampen. Dei straffa Noreg med to 2-minuttsutvisingar og Frankrike med fem.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Handball-Weltmeisterschaft der Frauen 2011» frå Wikipedia på tysk, den 8. desember 2017.







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum