København



































København

Nyhavn i København
Nyhavn i København





Byvåpenet til København

Byvåpenet til København

Styresmakter
Land


Danmark
Borgarmeister
Frank Jensen Edit this on Wikidata
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde


88 km²
455,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde


509 861
  5 777/km²
1 145 804
Koordinatar

55°43′″N 12°34′″EKoordinatar: 55°43′″N 12°34′″E
Diverse anna

Heimeside: Offisiell side
Plassering

Map DK København.PNG


København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).[1]


København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Historie


    • 2.1 Åtak




  • 3 Kultur


    • 3.1 Bygningar og institusjonar




  • 4 Styresmakter


  • 5 Kjende personar frå København


  • 6 Bakgrunnsstoff





Namn |


Byen blei først berre kalla Havn, Hafnia på latin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.



Historie |


København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.



Åtak |


København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658-59, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.



Kultur |



Bygningar og institusjonar |




  • Amalienborg slott

  • Fristaden Christiania

  • Københavns Havn

  • Københavns Zoo

  • Det danske nationalmuseet

  • Ny Carlsberg Glyptotek

  • Rundetårn

  • Tivoli i København

  • Tycho Brahes planetarium



Styresmakter |


Borgarmeister er Frank Jensen (2018).



Kjende personar frå København |



  • Kong Fredrik VIII av Danmark

  • Dronning Margrethe II av Danmark

  • Dronning Anne-Marie av Hellas

  • Kronprins Frederik av Danmark

  • Hans Christian Andersen


  • Karen Blixen, forfattar


  • Niels Bohr, vitskapsmann

  • Aage Bohr


  • Tycho Brahe, vitskapsmann

  • Nikolai Grundtvig


  • Ludvig Holberg, forfattar

  • Iben Hjejle


  • J.C. Jacobsen, grunnla bryggeriet Carlsberg


  • Søren Kierkegaard, filosof

  • Jakob Nielsen

  • Ole Rømer


  • Jørn Utzon, arkitekt

  • Hans Christian Ørsted



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: København









  1. «Statistics Denmark: Copenhagen City/Urban Area (Københavns Kommune, Hovedstadsområdet), 2012 (tables: FOLK1, BEF44)». Statistics Denmark. Arkivert frå originalen 2012-05-31. Henta 31. mai 2012. . 1 280 371 innbyggjarar 1. januar 2016.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum