Skulptur

Multi tool use
Multi tool use







David av Michelangelo er ein av dei mest kjende skulpturane i verda.


Ein skulptur (frå latin sculpere, «hogge ut») er eit tredimensjonalt kunstverk av kva som helst slags type. Tradisjonelle skulpturar kan vere hogne i stein eller tre, eller vere laga i materialar som bronse, gips eller porselen. Moderne skulpturar kan vere laga av industrielle materialar som aluminium eller plast, og skulpturar kan også vere ferdig produserte gjenstandar (readymades) som kunstnaren har valt ut i ei bestemt hensikt.




Innhaldsliste






  • 1 Ulike former


  • 2 Norske skulpturar


  • 3 Sjå også


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Ulike former |


Den tradisjonelle skulpturen har ofte vore laga som eit minnesmerke, eller som ei markering av eit eller anna nokon vil ha framheva. Den er gjerne figurativ, står på ein bestemt stad og gjev ein bodskap i symbolsk språk.


Den modernistiske skulpturen er til samanlikning ikkje knytt til nokon bestemt stad, den er abstrakt, og den har ingen bodskap ut over det det kunstneriske uttrykket som ligg i skulpturen.


Konseptkunst på 1970-talet og ulike former for postmoderne kunst har utvida definisjonen av «skulptur», slik at omgrepet kan brukast på nesten alle former for kunstneriske aktivitetar. Særleg mange kunstnarar frå den amerikanske avant-garden frå siste halvdel av 1960-talet, som Robert Smithson, Robert Morris og Gordon Matta-Clark, har vore viktige for utviklinga innan samtidig skulptur. Skulpturomgrepet relaterer i dag like gjerne til ulike former for landskapsprosjekt, arkitektoniske problemstillingar og sosiale mekanismar, som til modernismen sin fokus på «god form» eller tidlegare tradisjonea si framstilling av menneskekroppen.



Norske skulpturar |


Vigelandsanlegget etter kunstnaren Gustav Vigeland er på 320 mål og inneheld 212 skulpturar. Ørnulf Bast er mellom dei norske skulptørane som ein finn representert over heile landet.



Sjå også |



  • Statue

  • Ryttarstatue

  • Relieff

  • Byste

  • Gresk skulptur

  • Monument

  • Skulptør

  • Installasjonskunst

  • Støyping



Bakgrunnsstoff |


  • Modern Sculpture.com


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Skulptur» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2009.










Mlt6m7rjEhVy1 lkFo2uBjndvQeHoRpN1dXEItF63tImHLMVOCwf4,S30Xclw OgLgiI 0,hzPWdeXOVOdkqzEHKyfvlC qljfc
nxfgweN1E7,4Mwd ltdb39xNp0XkzwQWCRRqlmueJk0u3ExJhuqzq0sPyqxrJc14Cd4CpDjStj,iQiVtXpGO

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669