Trident Studios
Trident Studios var eit britisk platestudio i 17 St. Anne's Court i Soho i London mellom 1968 og 1981. Det vart bygd i 1967 av Norman Sheffield, ein trommeslagar i 60-talsgruppa the Hunters, og bror hans Barry.
«My Name is Jack» av Manfred Mann vart spelt inn i Trident i mars 1968 og var med å gje studioet eit godt rykte. Somme kjende album og singlar som vart spelte inn i Trident var the Beatles sitt White Album (sjølv om det meste av innspelinga vart gjort i Abbey Road Studios) og «Hey Jude», George Harrison-albumet All Things Must Pass, Elton John sin «Candle in the Wind» og David Bowie sitt The Rise and Fall of Ziggy Stardust. Rick Wakeman var fast studiomusikar på klaver på den tida og var med på mange innspelingar, mellom anna Bowie-songane «Life on Mars?» og «Changes».
Andre artistar som spelte inn musikk i Trident var the Bee Gees, Carly Simon, Chris de Burgh, Genesis, Brand X, James Taylor, Joan Armatrading, Joe Cocker, Kiss, Lou Reed, Peter Gabriel, Marc Almond, Marc and the Mambas, Soft Cell, Queen, the Rolling Stones, Thin Lizzy, Tina Turner, T. Rex, Van der Graaf Generator, Yes og John Entwistle.
Sheffield-brørne hadde ein avslappa arbeidsmoral, men la vekt på høg standard innan lydteknikk.[1] Studioet hadde det nyaste utstyret, som var medverkande til at mange store artistar ønskte å nytte det.
Delvis diskografi |
Lista under syner musikk som anten vart spelt inn, miksa eller mastra i Trident Studios mellom 1968 og 1981.
Artist | Tittel |
---|---|
Beatles | «Hey Jude», White Album |
David Bowie | David Bowie, The Man Who Sold The World, Hunky Dory, The Rise And Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, Aladdin Sane |
Queen | Queen, Queen II, Sheer Heart Attack |
Elton John | Elton John, Tumbleweed Connection, 17-11-70, Honky Château, Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player, Goodbye Yellow Brick Road, Rock of the Westies |
Genesis | Trespass, Nursery Cryme, A Trick of the Tail, Wind and Wuthering, Seconds Out, ..And Then There Were Three... |
The Police | Outlandos d'Amour |
Rolling Stones | Midnight Rambler, Let it Bleed |
Lou Reed | Transformer |
Carly Simon | No Secrets |
Tyrannosaurus Rex / T-Rex | Unicorn, T-Rex, Electric Warrior |
Joan Armatrading | Whatever's for Us |
Cass Elliot | The Road Is No Place for a Lady |
Bee Gees | Life In A Tin Can |
Boomtown Rats | «I Don't Like Mondays» |
Free | Fire and Water |
James Taylor | James Taylor |
Billy Cobham | Spectrum |
Chris de Burgh | Far Beyond These Castle Walls |
Supertramp | Crime of the Century |
Thin Lizzy | Nightlife |
Judas Priest | Stained Class |
America | America |
Peter Gabriel | Peter Gabriel (1978) |
Mott the Hoople | All the Young Dudes |
Manfred Mann | «My Name is Jack» |
Rush | Hemispheres, Permanent Waves[2] |
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Trident Studios» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2016.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Sheffield, Norman (2013). Life on Two Legs. ISBN 978-0957513303.
↑ http://cygnus-x1.net/links/rush/albums-permanentwaves.php
Bakgrunnsstoff |
- Trident Studios si offisielle Facebookside
- The Marquee Club: Trident Studios