Bellinzona
Bellinzona | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Ticino | ||
Distrikt | Bellinzona | ||
Språk | italiensk | ||
Borgarmeister | Brenno Martignoni | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 19,84 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 17 373 875,7 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 238 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6500 | ||
Nettstad: www.bellinzona.ch |
Bellinzona (fransk Bellinzone, tysk Bellenz) er den administrative hovudstaden i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 17 373 innbyggjarar (2010) og eit areal på 20 km². Kommunesenteret ligg 238 meter over havet.
Byen er kjend for dei tre borger (Castelgrande, Montebello, Sasso Corbaro) som er innskrivne på verdsarvlista til UNESCO.
Bellinzona ligg ved elva Ticino der Val Mesolcina munner ut i Ticinodalen. Byen ligg då i skjeringspunktet for vegane over fleire store fjellpass mot nord: St. Gotthard-, Lucomagno-, Nufenen- og San Bernardino-passet.
Milano kontrollerte området gjennom det meste av mellomalderen. Bellinzona vart knytt til Ticino i året 1500. I og rundt Bellinzona ligg ei rekke festningsanlegg som speglar plassen sin nøkkelposisjon for fleire fjellovergangar. Anlegga har røter tilbake til mellomalderen og dels heilt til romertida.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Bellinzona» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2011.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Bellinzona (kommune) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.- Rabadan-karnevalet
- Unesco
|