Det saudiarabiske flagget






Det saudiarabiske flagget. Storleikstilhøve 2:3




Den første saudiarabarane på Mount Everest, Farouq Alzouman, med Koranen og det saudiarabiske flagget.


Det saudiarabiske flagget er eit grønt flagg med kvite symbol. Sentralt på flagget står den muslimske truvedkjenninga i thuluth-skrift, under denne er det plassert eit rett sverd. Flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i si noverande form den 15. mars 1973. Det blir nytta på land og til sjøs som statsflagg og orlogsflagg.


Flagget har storleikstilhøvet 2:3. Det er likt på begge sider; baksida skal ikkje vera spegelvendt.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Soge


  • 2 Symbolikk


  • 3 Bruk


  • 4 Handelsflagg


  • 5 Orlogsflagg


  • 6 Kongeflagg


  • 7 Likande flagg


  • 8 Bakgrunnsstoff


  • 9 Kjelder


    • 9.1 Fotnotar







Soge |


Eit grønt flagg med den muslimske truvedkjenninga på blei brukt av wahabittane frå slutten av 1800-talet. Tidlege variantar kunne også ha ei kvit stripe ved stangsida av flaggduken. Sverdet kom med i 1902 då Ibn Saud blei konge av Nejd som symbol for hans innsats og erobringar. Flagget, som også fanst i variantar med kvit stripe og to krosslagde sverd, blei vidareført då kongedømet Saudi-Arabia blei skipa i 1932.


Sverdet var opphavleg krumma, men i 1973 blei det fastsett at sverdet skal vera rett.[2]




Symbolikk |


Grønt skal ha vore fargen profeten Muhammed føretrekte, og er rekna som eit symbol på islam. Også kvit er rekn som ein viktig farge i islam, han kan stå for fred og reinleik.




Det saudiarabiske flagget blir aldri flagga på halv stang.



Bruk |


Ettersom truvedkjenninga er heilag set saudiarabarane strenge krav til korleis flagget kan handsamast. Det blir heist frå høgre side. Det skal aldri flaggast på halv stang eller snuast vertikalt.[3]


Då FIFA planla å laga ein fotball med flagga til alle deltakarlanda ved VM i 2002, protesterte Saudi-Arabia, ettersom dette ville medføra at ein sparka til truvedkjenninga.



Handelsflagg |


Saudi-Arabias handelsflagg består av ein grøn duk med nasjonalflagget innsett i kantonen og skilt frå den øvrige flaggduken ved ein kvit kant. Også dette flagget er i størrelsesforholdet 2:3.




Orlogsgjøsen til Saudi-Arabia.



Orlogsflagg |


Saudi-Arabia fører no nasjonalflagget også som orlogsflagg. Tidlegare skilte orlogsflagget seg frå nasjonalflagget ved eit blått felt ved stonga der det var innsett eit emblem for sjøforsvaret. Dette merket finst framleis i orlogsgjøsen som blir nytta på saudiarabiske marinefartøy.




Det saudiarabiske kongeflagget.



Kongeflagg |


Kongeflagget er som nasjonalflagget men med tillegg av riksvåpenet, eit merke med ei palme og to krosslagde sverd, i gult i nedre hjørne ved stanga.



Likande flagg |


Grønt og kvitt er vanlege fargar i nasjonalflagge til arabiske og muslimske land Det pakistanske flagget er grønt og kvitt med muslimske symbol som det saudiarabiske, medan det libyske flagget er heilt grønt. Den muslimske truvedkjenninga inngår òg i det afghanske flagget. Mutawakkil-kongedømet Nord-Jemen brukte eit raudt flagg, først med truvedkjenninga og seinare med eit krumma sverd som motiv.


Det saudiarabiske flagget er eitt av tre nasjonalflagg som har ulik fram- og bakside. Dei andre er paraguyanske og det moldoviske flagget.[4]



Bakgrunnsstoff |




  • Saudi Arabias flagg frå Flags of the World


  • Historia til Saudi Arabias flagg frå Flags of the World



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Saudi-Arabias flag» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2011.



Fotnotar |




  1. THE BASIC LAW OF GOVERNANCE ved saudiembassy.net


  2. Saudi Arabia, Flags Of The World, flagspot.net


  3. Saudi King Fahd is laid to rest, BBC News, bbc.co.uk, 2 August 2005


  4. Flag Description, Saudi Arabia, CIA World Factbook, 2011








Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum