Esbo
Våpen | Lokalisering |
---|---|
Fakta | |
Stat: | Finland |
Län: | Södra Finlands län |
Landskap: | Nyland |
Nabokommunar: | Vanda, Helsingfors, Kyrkslätt og Grankulla |
Areal (landjord): | 528 km² (312 km²) |
Innbyggjartal: | 229 034 (1.1.2008) |
Tettheit: | 718 innb./km² |
Språk: | Finsk: 85,9 % Svensk: 8,9 % Andre: 5,2 % |
Skatteprosent 2005: | ? % |
Høgd: | ? m over havet |
Postnummer: | 00100 - 00990 |
Retningsnummer: | 09 (+358-9) |
Koordinatar: | 60° 10' N. Br. 24° 42' E |
Rådhusets adresse: | ... |
Heimeside: | www.esbo.fi |
Politikk | |
Ordførar: | Ritva Erkama (Samlingspartiet) |
Esbo, /'ɛsbɔ/, (finsk Espoo) er ein by i landskapet Nyland i Södra Finlands län i Finland. Esbo ligg ved Finskebukta og grensar i aust til Helsingfors og Vanda, i vest til Kyrkslätt og i nord til Vichtis og Nurmijärvi. Grankulla dannar ein enklave inni Esbo. Esbo är landets nest største by med omkring 235 000 innbyggjarar (2007).
Esbo inngår i Helsingforsregionen.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Næringsliv
3 Bydelar
3.1 Bydelar
4 Turistattraksjonar
5 Kjende personar frå Esbo
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Dei første menneska flytta til Esbo allereie for 9000 år sidan og det har vore permanent busetnad i området i alle fall frå og med 1100-talet. Den viktige Kungsvägen frå Åbo til Viborg har gått gjennom byen sidan 1200-talet. Namnet Esbo kjem truleg frå det gamle svenska ordet äspe ("aspskog") og å ("elv"), altså Asp(skog)-å. Namnet finst første gong nemnd i 1431. Esbo kyrkjelyd vart skild frå Kyrkslätt kapell i 1458, og Esbo gråstenskyrka er frå 1480-talet. Kyrkja er også Esbos eldste bygnad.
I 1920 hadde Esbo 9 000 innbyggjarar, av dei hadde 70 % svensk som morsmål, og 75 % arbeidde innom jordbruket. Villastrøket Grankulla vart skild frå Esbo landskommun i 1920. På 1940- og 1950-talet byrja Esbo å vekse kraftig som ein forstad til Helsingfors, og landsbygdkommunen voks til ein handels- og industristad. Esbo vart kjøpstad i 1963 og fekk bystatus i 1972. Esbo voks frå 22 000 innbyggjarar til 210 000 mellom 1950 og 2000. I dag bur det cirka 20 000 svensktalande i Esbo, dvs. i underkant av 9 % av folkesetnaden.
Næringsliv |
Nokia har hovudkontoret sitt i Esbo. I og med at Tekniska högskolan ligg i byen har det også vakse opp ein sterkt IT-industri, med diverse programvarefirma. Også heisprodusenten Kone har hovudkontoret sitt i byen.
Bydelar |
Esbo er inndelt i 7 storområde og 55 bydelar. Esbo har ikkje noko eigentleg sentrum, i staden har byen fem skilde sentra:
Esbo sentrum administrativt sentrum
Hagalund kulturelt sentrum
Alberga, med Sello kjøpesenter
Mattby, med kjøpesenteret Iso Omena i nordre Mattby- Esboviken
Bydelar |
Stor-Alberga
Karabacka | Kilo | Dalsvik | Alberga | Fågelberga | Klappträsk | Smedsby | Gröndal
Stor-Hagalund
Gäddvik (Esbo) | Bredvik | Mankans | Ängskulla | Otnäs | Norra Hagalund | Hagalund | Westend
Stor-Mattby
Hemtans | Mattby | Olars
Stor-Esboviken
Esboviken | Kaitans | Ladusved | Nöykis | Bastvik | Sökö | Sommaröarna
Stor-Köklax
Esbogård | Köklax | Kurtby | Fantsby
Gamla Esbo
Esbo centrum | Gumböle | Högnäs | Träskända | Björnkärr | Karvasbacka | Stadsberget | Kolmpers | Kurängen | Morby | Nupurböle | Noux | Siikajärvi | Gamla Noux
Norra Esbo
Bodom | Kalajärvi | Gunnars | Lahnus | Lakisto | Luk | Nipert | Grundbacka | Rödskog | Gammelgård | Vällskog
Turistattraksjonar |
Noux nationalpark som finst delvis i nordvestre Esbo- Esbo domkyrke frå 1400-talet
WeeGee-huset med Espoo Museum of Modern Art
Kjende personar frå Esbo |
Jere Lehtinen, ishockeyspelar
Kimi Räikkönen, racerførar
Marjo Matikainen-Kallström, politikar (MEP) og skiløpar
Pekka Kuusisto, fiolinist
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Espoo
- Esbo bys nettside
- Tekniska högskolan
Kommunar i landskapet Nyland |
Borgnäs | Esbo | Grankulla | Hangö | Helsingfors | Hyvinge | Högfors | Ingå | Karislojo | Kervo | Kyrkslätt | Lojo | Mäntsälä | Nummi-Pusula | Nurmijärvi | Raseborg | Sjundeå | Träskända | Tusby | Vanda | Vichtis |
Landskap i Finland | Finland |
|