Lidingssoga

Multi tool use
Multi tool use






Lidingssoga i glasmåleri ved domkyrkja i Chartres.


Lidingssoga eller pasjonssoga (av latin passio, 'liding') er forteljinga om Jesus si liding og død slik ho kjem fram i dei fire evangelia. Ho omfattar avskjeden med disiplane ved den siste nattverden,
tilfangetakinga i Getsemane, forhøyret for eldsterådet, fornektinga til Peter, dommen til Pontius Pilatus, piskinga, tornekroninga, golgatavandringa, krossfestinga, døden og gravlegginga.


Lidingssoga er fortald ganske like i dei tre synoptiske evangelia (til dømes Matt. 16,21-23; 17,22-23; 20,17-19), medan soga i Johannesevangeliet er samansett frå ein del ulike tradisjonar. Denne soga er også prega av omsyn til å skildra Jesus sin død som førebestemt og eit førebilde for kristne martyrar.[1] Soga finst også i ikkje-kanoniske tekstar, som evangelia etter Peter og Nikodemos.[2]


Soga har vore viktig i kristne tradisjonar frå byrjinga av kristendommen. Ho blir vanlegvis lesen under den stille veka, særleg på langfredag. I katolsk tradisjon blir ho også ofte framført som pasjonsspel. Lidingssoga har vidare inspirert talrike kunst- og musikkverk.


Personar som berre så vidt eller ikkje er nemnd i evangelia har fått større plass i ulike folketradisjonar. Kona til Pontius Pilatus er nemnd ein gong i Matteus-evangeliet, der ho råder Pilatus frå å dømma Jesus. Ho har fått større roller i gjenforteljingar av soga. Dei to tjuvane som blei krossfesta samstundes med Jesus har i seinare tradisjonar fått namn (som Dismas og Gestas). Smeden som laga naglane til krossfestinga var ifølgje ulike overleveringar stamfaren til sigøynarar.[3]


Plantar er også knytt til lidingssoga. Det blir til dømes fortalt at kristtorn blei brukt til å laga tornekrona. Eit kornelltre skal ha blitt brukt til å laga krossen.[4]



Sjå og |


  • Jesu sju ord på krossen


Kjelder |





  1. «Jesus Kristus» i Den Store Danske


  2. Gospel of Nicodemus og Gospel of Peter ved earlychristianwritings.com


  3. Francis Hindes Groome, Nails of Crucifixion i Gypsy Folk Tales [1899], ved sacred-texts.com;
    August C. Mahr, The Gipsy at the Crucifixion of Christ, Ohio State University




  4. «Holly Folklore», intermistletoe.co.uk; «Legend of the dogwood tree: True or false?», creationtips.com






























1tl8EO,cAoqoNBw2U1DG28D
smnzjAnV3s3t15fu4veTRLBrgiIeBwjQI4xTZFbIZBumAcD

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669