Lugano
Lugano | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Ticino | ||
Distrikt | Lugano | ||
Språk | italiensk | ||
Borgarmeister | Giorgio Giudici | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 32 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 54 667 1 708,3 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 273 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6900 | ||
Nettstad: www.lugano.ch |
Lugano (latinsk Luganum) er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia. Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har 54 667 innbyggjarar (2010) og eit areal på 32 km². I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore og Lago di Como.
Lugano er den niande største byen i Sveits og den største italiensktalande byen utanfor Italia.
Opphavet til namnet kjem mogelegeins frå det latinske ordet Lucus, som tyder «skog» eller «heilag skog», eller det gallisk locovanno «innsjøbuar».[1]
Eurovision Song Contest 1956 |
Lugano var vertsby for den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Tevlinga vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
- Turisme i Lugano
Reiseguide for Lugano frå Wikivoyage
Kjelder |
↑ origin of name
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|