Maraton
Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Løpet er rekna som svært krevjande, og ordet «maraton» blir ofte brukt for å beskrive noko som krev stort uthald.
Namnet maraton kjem frå ei gresk legende som fortel om korleis soldaten Pheidippides sprang frå byen Marathon (i dag Marathónas) i Hellas til Athen for å forkynne at perserane hadde blitt slått i slaget om Marathon. Legenda fortel at Pheidippides døydde like etter han hadde fått fortalt at grekarane hadde vunne slaget.
Standardlengda på 42 195 m er ikkje den nøyaktige distansen mellom Marathon og Athen. I OL frå 1896 til 1920 varierte maratondistansen mellom 40 km og 42,75 km. I 1921 bestemte det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) at standardlengda skulle vere 42 195 m. Det var den distansen som blei sprunge i OL i 1908, mellom Windsor og White City Stadium i London.
Det gjekk likevel ei tid før standardlengda blei endeleg etablert. Under EM i friidrett i Oslo i 1946 var maratondistansen på 40 200 m, og i Sverige blei standardlengda innført først i 1948.[1]
Rekord | Kven | Nasjonalitet | Tid | Kvar | Når |
---|---|---|---|---|---|
Verdsrekord, menn | Dennis Kimetto | Kenya | 2.02.57 | Berlin | 2014 |
Verdsrekord, kvinner | Paula Radcliffe | England | 2.15.25 | London | 2003 |
Norsk rekord, menn | Geir Kvernmo | Noreg | 2.10.17 | London | 1987 |
Norsk rekord, kvinner | Ingrid Kristiansen | Noreg | 2.21.06 | London | 1985 |
Innhaldsliste
1 Kjende norske maratonløparar
2 Nokre norske maratonløp
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Kjende norske maratonløparar |
- Grete Waitz
- Ingrid Kristiansen
- Karl Johan Rasmussen
Nokre norske maratonløp |
- Nordmarka skogsmaraton
- Drammen maraton
- Oslo maraton
- Fredrikstad maraton
- Midnight Sun Marathon
- Hornindalsvatnet maraton
Referansar |
↑ [1]
Bakgrunnsstoff |
- Kondis.no, nettstad for kondisjonsidrett
- Maratonporten.net, nettstad for dei som driv med langdistanseløping
- Internasjonale maratonrekordar
|