Verdsarv







World Heritage Logo





Det store barriererevet er del av verdsarva i Australia





Stonehenge er verdsarv i Storbritannia





Taj Mahal er indisk verdsarv





Påskeøya er verdsarv i Chile





Askiagrava er verdsarv i Mali



Verdsarven er stader skapte av naturen eller menneske som blir rekna som særs viktige for natur- og kulturhistoria i verda. UNESCO, Dei Sameinte Nasjonane sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur, fører ei liste over dei mest verdifulle verdsarvstadene i verda. I august 2006 alt 830 stader på lista over verdsarv, fordelte på 138 statspartar. Av desse stod 644 for kulturarv, 162 for naturarv, medan 24 hadde både natur- og kulturverdi.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Ordning


  • 3 Typar


  • 4 Sjå òg


  • 5 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Ved byrjinga av 1960-talet tok Egypt til å bygga Assuandemningen. Denne truga med å drukna Abu Simbel, eit av dei viktige gamle kulturområda i landet. For å redda denne «verdsarva» sette UNESCO i gang ein stor internasjonal redningsaksjon. Arkeologiske utgravingar blei påskunda og Abu Simbel blei flytta, stein for stein, til eit trygt område. Bortsett frå flyttinga var kampanjen vellukka, verdssamfunnet hadde vist vilje til å verna om kulturarva si. Dette gav UNESCO mot til å skriva eit utkast til ein konvensjon som skulle verna henne.



Ordning |


UNESCO vedtok konvensjonen om vern av verdsarva den 16. november 1972, og slår fast at han skal verna kultur og naturarv av særskilt universell verdi sett frå eit historisk, kunstnerisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Medlemsland som sit på verdsarvområde har plikt til å ta vare på dei, medan det internasjonale samfunnet bør hjelpa til dersom dei ikkje maktar det. Verdsarvkonvensjonen er blitt den mest utbreidde miljøvernavtalen i verda.


Ein plass på lista fører ikkje automatisk til gode for ein stad, bortsett frå eit krav om at staden må vera verna. Statusen kan likevel føra til auka interesse for staden, både frå staten, som kan bidra med lovvern og pengestøtte, og frå turistar.



Typar |


Kulturarv som vert ført opp på lista kan omfatta mellom anna område med gamle innskrifter eller bilete og bygg eller anlegg som av ein eller annan grunn peikar seg særskilt ut. Naturarv kan vera fysiske eller biologiske formasjonar, tilhaldsstad for særskilde artar, eller særs naturskjønne område. Det finst òg stader som vert rekna både som kultur- og naturarv, fordi dei er blitt skapte av menneske og natur i fellesskap.



Sjå òg |



  • Verdsarv i Afrika

  • Verdsarv i Amerika

  • Verdsarv i Asia

  • Verdsarv i Europa

  • Verdsarv i Oseania

  • Immateriell verdsarv



Bakgrunnsstoff |




  • Den offisielle lista på unesco.org

  • Nordic World Heritage Foundation


  • Weblog om verdsarvemne (engelsk)

  • World Heritage Virtual Flightseeing


































Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum