Basjkortostan
| |||||
Hovudstad | Ufa | ||||
Areal - Totalt | Rangering:27. 142 947 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 7. ca. 4 072 100[1] (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Ural | ||||
Regionsnummer | 02 | ||||
Offisielt språk | Russisk, basjkirsk | ||||
President | Rustem Zakijevitsj Khamitov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Basjkortostan, tidlegare òg Basjkiria (russisk Республика Башкортостан, basjkirsk Башҡортостан Республикаһы) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Ufa, arealet er 142 947 km² og innbyggjartalet 4 072 100 (2010).
Folkesetnad |
Dei største byane er Ufa (1 062 000 ibuarar), Sterlitamak (273 500), Salavat (156 100), Neftekamsk (121 700) og Oktjabrskij (109 500).[1]
Den største folkegruppa i Basjkortostan er etniske russarar, men ingen folkeslag utgjer så mykje som 40 % av folket. Basjkirane, eit tyrkisk folkeslag, er den nest største gruppa. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
Russarar: 35,2 %
Basjkirar: 28,8 %
Tatarar: 24,8 %
Tsjuvasjar: 2,6 %
Mariar: 2,5 %
Ukrainarar: 1,0 %
Sidan oppløysinga av Sovjetunionen har andelen basjkirar i folket auka, frå 21,9 % i 1989, medan andelen russarar og tatarar har gått ned. Folketalet totalt sett har heldt seg relativt stabilt.
Fotnotar |
↑ 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Basjkortostan
Republikken sine offisielle heimesider på russisk
Artikkel frå NUPI på engelsk
Russiske republikkar | ||
---|---|---|
Adygia · Altaj · Basjkortostan · Burjatia · Dagestan · Ingusjetia · Kabardino-Balkaria · Kalmykia · Karatsjajevo-Tsjerkessia · Karelen · Khakasia · Komi · Mari El · Mordovia · Nord-Ossetia · Sakha · Tatarstan · Tsjetsjenia · Tsjuvasjia · Tyva · Udmurtia |
|