Uljanovsk oblast
| |||||
Hovudstad | Uljanovsk | ||||
Areal - Totalt | Rangering: 62. 37 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 36. ca. 1 293 000[1] (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Povolzjyje | ||||
Regionsnummer | 73 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Sergej Ivanovitsj Morozov | ||||
Nasjonalsong | | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Uljanovsk oblast, (russisk Ульяновская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 293 000 (2010).
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Folkesetnad
3 Historie
4 Referansar
5 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er - 14 til -12 grader celsius, i juli + 18 til + 20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det er omfattande oljeutvinning i området.
Folkesetnad |
Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk (614 800 ibuarar), nest største by er Dimitrovgrad (122 600).[1]
Den etniske samansetjinga var i 2010:[1]
Russarar: 69,7 %
Tatarar: 11,6 %
Tsjuvasjar: 7,3 %
Mordvinar: 3,0 %
Historie |
Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra namn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlege funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.
Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %:
Sameint Russland: 27,4 %- Folket for Frolytsj: 12,8 %
Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 11,3 %
Russlands liberal-demokratiske parti: 11,1 %
12,8 % stemde mot alle (blankt).
Referansar |
↑ 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff |
Uljanovsk oblast sine nettsider (ru)
Artikkel frå Kommersant (en)
- Artikkel frå NUPI
Russiske oblast | ||
---|---|---|
Amur | Arkhangelsk | Astrakhan | Belgorod | Brjansk | Irkutsk | Ivanovo | Jaroslavl | Kaliningrad | Kaluga | Kemerovo | Kirov | Kostroma | Kurgan | Kursk | Leningrad | Lipetsk | Magadan | Moskva | Murmansk | Nizjnij Novgorod | Novgorod | Novosibirsk | Omsk | Orenburg | Orjol | Penza | Pskov | Rjazan | Rostov | Sakhalin | Samara | Saratov | Smolensk | Sverdlovsk | Tambov | Tjumen | Tomsk | Tsjeljabinsk | Tula | Tver | Uljanovsk | Vladimir | Volgograd | Vologda | Voronezj |
|