13. november
13. november er den 317. dagen i den gregorianske kalenderen (318. under skotår). Det er 48 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
5 Bakgrunnsstoff
Merkedag |
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 13. november i 2019:
Namnedag |
Noreg | Kirsten og Kirsti |
Sverige | Kristian og Krister |
Danmark | Arcadius |
Hendingar |
Utlandet |
1002: Massakrane på Sankt Brictiusdagen fann stad i England (kong Ethelred II av England gav ordre om at alle danskar i England skulle drepast)
1908: Andrew Fisher blei den femte statsministeren i Australia.
1923: Flagget til Sovjetunionen, kjent for hammaren og sigden, blei tekei bruk.
1945: Etiopia og Panama blei medlem av FN.
1950: General Carlos Delgado Chalbaud blei drepen i Caracas.
1985: Vulkanen Nevado del Ruiz i Colombia hadde eit stort utbrot. Lavastraumar og leirras tok livet av rundt 23 000 menneske.
1990: Den fyrste kjente nettsida blei skriven.
1994: Sverige stemde for EU-medlemsskap.
Noreg |
1905: Folkeavrøystinga 12. og 13. november om monarki eller republikk i Noreg førte til valet av prins Carl som norsk konge; 259 563 stemde for, mens 69 264 stemde imot. Berre menn hadde røysterett i valet.
1951: Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister, Oscar Torp tok over.
1961: Banklinebåten «Peder Vinje» blei teken av ein brottsjø under fiske på
Hjelmsøybanken. Heile besetninga på 14 mista livet.
1986: Bybrann i Stavanger.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 13. november.
354 – St. Augustin av Hippo, katolsk helgen
1312 – Kong Edvard III av England
1760 – Jiaqing, kinesisk keisar
1844 – Steinar Schjøtt, ordbokredaktør og målmann
1850 – Robert Louis Stevenson, skotsk forfattar
1853 – Arnold von Siemens, tysk industrileiar
1881 – Knut Liestøl, norsk kulturgranskar
1906 – Torborg Nedreaas, norsk forfattar
1922 – Aud Schønemann, norsk skodespelar
1938 – Jan Groth, norsk bildekunstnar
1976 – Albina Akhatova, russisk skiskyttar
Døde |
- Sjå òg Døde den 13. november.
1093 – Kong Malcolm III av Skottland
1460: Henrik Sjøfararen, portugisisk oppdagar
1619 – Ludovico Carracci, italiensk målar
1824 – Christian Holst, norsk prest, av Peter Chr. Asbjørnsen utlagt som svarteboksprest
1862 – Ludwig Uhland, tysk diktar
1868: Gioacchino Rossini, italiensk komponist
1903: Camille Pissarro, fransk målar
1944: Gregers Gram, norsk motstandsmann
1974 – Vittorio De Sica, italiensk filmregissør
1980: Anna Skeide, norsk lyrikar
2001 – Babik Reinhardt, fransk jazzmusikar
Bakgrunnsstoff |
< November > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 > |