Tråd







A Golden Thread (1885) av John Melhuish Strudwick.


Tråd (av norrønt þráðr) er ei særs tynn snor som kan vera laga av tvinna fibrar[1] eller filament.[2] «Tråd» viste opphavleg til garn laga av fleire enkeltgarn som var tvunne saman.[3] Tråd kan også visa til andre tynne snoraktige ting, som ståltråd, gjerdetråd, tanntråd eller telefontråd.[1]


I mytologien finst ideen om livstrådar, trådar som skjebnegudinner eller norner spinn og som skildrar eit livsløp. Trådar, særleg Ariadnes tråd, er også kjend som hjelpemiddel som kan leia ein person gjennom ein labyrint.[4]
I overført tyding kan ein snakka om ein (raud) tråd der noko går att i ei framstilling, om å miste tråden for det å koma ut av samanhengen eller gå i surr) om å samla trådane i ei hand for det å ha kontroll på alle felt i til dømes ei verksemd, eller å trekkja i trådane for det å styra noko (gjerne i det skjulte) som ein marionett. Om noko heng i ein tynn tråd kan det berre så vidt bergast.
Å slå på tråden kan brukast om det å ringja nokon med telefon, medan «knute på tråden» kan visa til ei misforståing eller eit uvenskap. Å vera utan ein tråd er ein metafor for det å vera naken, medan å vera lett på tråden kan visa til at ein er erotisk lauslynt.[1]



Kjelder |





  1. 1,01,11,2 «tråd» i Nynorskordboka.


  2. Tråd. (15. februar 2009). I Store norske leksikon.


  3. Køpke, Vibeke. Garn: spunnede fibrer (14. februar 2009). I Store norske leksikon.


  4. «thread, n.», Oxford English Dictionary 









Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum