Noreg




[endre]































































Kongeriket Noreg
Kongeriket Norge

(norsk: Noreg, norsk)














Det norske flagget

Det norske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Ja, vi elsker dette landet
»
Motto
Einig og tru til Dovre fell

Geografisk plassering av Noreg

Offisielle språk

Norsk1

Hovudstad

Oslo

Styresett

Konge
Statsminister


Konstitusjonelt monarki
Harald V
Erna Solberg

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
323 781 [1]* km² (116.)
6,0 %

Folketal
 – Estimert (1.1.2018)
 – Tettleik
 
5 295 619[2] (120.)
113,26/km² (166.)

Sjølvstende
  - Noreg samla
  - Skild frå Danmark
  - Skild frå Sverige (erklært)
  - Skild frå Sverige (respektert)


872
17. mai 1814
7. juni 1905

26. oktober 1905

Nasjonaldag

17. mai

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
352 800 mill. USD (47.)
79 700 USD (8.)

Valuta

Norsk krone

Tidssone

UTC +1

Telefonkode
+47

Toppnivådomene
.no (.sj, .bv)2

1Norsk er einaste offisielle riksspråk, med bokmål og nynorsk som jamstelte skriftformer. Sju kommunar har ved sida av norsk nordsamisk som med-administrasjonsspråk i den lokale kommuneforvaltninga, éin har kvensk, éin har sørsamisk og éin har lulesamisk.
*Flatevidd inkl. Svalbard og Jan Mayen er 385 180 km2.
2 .sj (Svalbard og Jan Mayen) og .bv (Bouvetøya) er ikkje i bruk.



«Norge» omdirigerer hit. For andre tydingar, sjå Norge (fleirtyding).

Noreg, offisielt Kongeriket Noreg (bokmål: Kongeriket Norge, nordsamisk: Norgga gonagasriika), er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Nord for Trøndelag er Noreg langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.


Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men båe desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på (Antarkt)is.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Historie


  • 3 Politikk


  • 4 Geografi


    • 4.1 Fylke


    • 4.2 Tettstader


    • 4.3 Topografi og klima


    • 4.4 Sjå òg




  • 5 Økonomi


  • 6 Innbyggjarar


    • 6.1 Folkegrupper


    • 6.2 Religion og livssyn


    • 6.3 Utdanning




  • 7 Språk


    • 7.1 Norsk språk


    • 7.2 Samiske språk


    • 7.3 Finsk og kvensk


    • 7.4 Andre språk




  • 8 Kultur


  • 9 Sjå òg


  • 10 Kjelder


  • 11 Bakgrunnsstoff





Namn |



For meir om dette emnet, sjå namnet Noreg.


Namnet «Noreg» har norrønt opphav med formene Norðrvegr og seinare Noregr. Dette kjem truleg frå gøtene og danene som omtalte den lange norskekysten som vegen mot nord. Så tidleg som 880, rundt tida kongeriket vart grunnlagt, kalla Ottar frå Hålogaland Noreg for norðmannaland, nordmann-landet - medan Alfred, kongen av England, brukte forma Norðweg, som var føregangaren til det moderne engelske Norway.


Det offisielle namnet på nynorsk er Kongeriket Noreg, på bokmål Kongeriket Norge. På nordsamisk heiter landet Norgga gonagasriika, på lulesamisk Vuona gånågisrijkka og på sørsamisk Nøørjen gånkarijhke.



Historie |



For meir om dette emnet, sjå Norsk historie.


I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 872, og grunnla det fyrste norske kongssetet på Avaldsnes på Karmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, gav namnet til Noreg.[treng kjelde] Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyane, og på Grønland.


Det er usemje om Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Det tradisjonelle synet er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hærtok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav (den Heilage) si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slegen attende.


I 995 grunnla kong Olav Trygvason den fyrste kyrkja på Moster på Bømlo, og byrja kristninga av landet. I 1024 sette kong Olav (seinare kalla Olav den Heilage) og bisp Grimkjell kristenretten på Mostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i 1030, der Olav fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar (borgarkrigstida) vart den arvelege kongsmakta trygd under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 heldt kongsfellesskapet fram med Danmark åleine. Tida vert i Noreg kalla «400-årsnatta», av di Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Noreg vart tvinga til å alliere seg med Napoleon og dimed kom i hop med taparane i Napoleonskrigane, førte Kiel-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lukkast å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende òg etter at ein kort krig med Sverige tvinga Noreg inn i personalunion med Sverige.


Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førte til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfest ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (ei grein av huset Oldenburg).


Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ei kollektiv tryggingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var mellom landa som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å verta med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.



Politikk |



For meir om dette emnet, sjå Norske styresmakter.


Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv rådet sitt, men etter riksrettsdomen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtfemnande rettar, men desse vert ikkje praktiserte i dag, og funksjonen hans er fyrst og fremst vorten seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er sett saman av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren legg fram.


Det norske parlamentet – Stortinget – har 169 medlemer, som er valde frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Stortinget sine saker vert handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear (justiskomiteen, finanskomiteen, landbrukskomiteen, osb).


Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente domarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (tidlegare by- og heradsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Domarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane vert utnemnde av regjeringa. Den særskilde Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.



Geografi |



For meir om dette emnet, sjå Norsk geografi.



Fylke |


float

Noreg er oppdelt i 18 fylke og 422 kommunar:



  1. Østfold

  2. Akershus

  3. Oslo

  4. Hedmark

  5. Oppland

  6. Buskerud

  7. Vestfold

  8. Telemark

  9. Aust-Agder

  10. Vest-Agder

  11. Rogaland

  12. Hordaland

  13. Sogn og Fjordane

  14. Møre og Romsdal

  15. Trøndelag

  16. Nordland

  17. Troms

  18. Finnmark



Tettstader |


Noreg har 942 tettstader (2012). Dei med høgast innbyggjartal er:




  • Oslo (988 873 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Bergen (254 235 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Stavanger/Sandnes (220 943 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Trondheim (180 557 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Fredrikstad/Sarpsborg (111 267 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Drammen (116 446 innbyggjarar per 1. januar 2017)


  • Porsgrunn/Skien (92 753 innbyggjarar per 1. januar 2017)


Nær 80 % (3 958 038 personar) av innbyggjarane i Noreg bur i tettstader.[3] Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.



Topografi og klima |



For meir om dette emnet, sjå Klima i Noreg.


Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Noreg er òg kjend som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sumaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarande lang tid.


Heile lengda av Noreg fylgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgaste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.


Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påverka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen herskar meir arktiske tilhøve.



Sjå òg |



  • Geografiske ytterpunkt i Noreg

  • Fjordar i Noreg



Økonomi |


Den norske økonomien er eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med ein kombinasjon av frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.


Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.



Innbyggjarar |




Folketalsutvikling i Noreg 1735–2014, i millionar menneske. Data frå SSB.[4]




Årleg folketalsvekst i Noreg 1951–2013, i tusenar. Data frå SSB.[5]


██ Naturleg vekst


██ Absolutt vekst




Folketalet i Noreg er 5 051 275 (2013).[6]


3 958 038 menneske, eller nesten 80 prosent av innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1. januar 2013).[3]



Folkegrupper |


Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk/nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk/kvensk. Samar har status som urfolk, medan skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, taterar), romfolk og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 12 % per 1. januar 2013. Dei største innvandrargruppene er polakkar, svenskar, og litauarar.[7]).



Religion og livssyn |


Kring 77 % av innbyggjarane er medlemer i den evangelisk-lutherske norske kyrkja (1. januar 2012)[8]. Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4,5 % (Den evangelisk-lutherske frikyrkja, Den katolske kyrkja, pinserørsla, metodistkyrkja med fleire) Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knappe 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutnad. Per 1. januar 2003 var rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte.[9]



Utdanning |


24 prosent av alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning (1. oktober 2004).


I 2004 var éi av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning (tal frå Statistisk sentralbyrå). Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.


Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.


Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.



Språk |



Norsk språk |



For meir om dette emnet, sjå Norsk.


Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle formene samnorsk, høgnorsk og riksmål. Samnorsk tek opp i seg former frå begge hovudmålformene, men er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk ca. 1930-1980.


Majoriteten av det norske folket skriv anten bokmål eller riksmål; grensene mellom desse er i dag svært flytande. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1 % i 1944 , men har i etterkrigstida gått jamnt tilbake og har i dag falle til 10–15 %.


Nynorsk er eit alternativt skriftspråk som vart konstruert, systematisert og etter kvart etablert som skriftspråk på 1840-talet av Ivar Aasen, grunna på norske dialektar. Aasen kalla språket sitt landsmål; dette vart endra til nynorsk i 1929. Aasen freista å distansere dette språket frå det danskpåverka språket som var i bruk på Austlandet og i borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå det opphavlege landsmålet, i retning bokmålet, medan bokmålet har gått meir vekk frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, framfor alt bymåla.


Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk, som motset seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen som ofte vert assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk vert nytta av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet Målmannen som har til føremål å fremja høgnorsk.


Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og vert mellom anna brukt av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet. Bokmålet vert truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslaga. Riksmålet vert fremja av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Norsk Språkråd og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som mellom anna utgjev eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.


Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk til å verte det offisielle språket i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen fyrst og fremst påverka av lågtysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til byrjinga av 1900-talet var reint dansk, men har gjennom det fylgjande hundreåret vorten tilpassa noko i høve til det danske, slik at ein kan snakke om eit eige norsk skriftspråk.



Samiske språk |


Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk vert snakka i Noreg, nord-, sør- og lulesamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling, det vert snakka av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å taka i bruk dei to andre språka, som er brukte frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg med flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdøydde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.



Finsk og kvensk |


Finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen,kom det på 1600-talet innvandrarar frå Savolaks i Finland. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med lovnad om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det i fleire bylgjer innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg, og dei vart kalla kvener. Språket deira skilde seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt dei siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.



Andre språk |


I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite plattysk-språkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirken. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.


Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, meden romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som romani og rodi.


Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer fyrst og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.


Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, persisk, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdu (med dei nærskylde språka hindi og panjabi) og vietnamesisk.



Kultur |


Kjende nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på reint dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Jon Fosse, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.



Sjå òg |



  • Norske regentar

  • Det norske forsvaret

  • Kommunar i Noreg, organisert etter fylke

  • Verdas land



Kjelder |





  1. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 19. mai 2017. Henta 7. oktober 2017. 


  2. Population, jan 01 2018, Statistics Norway


  3. 3,03,1 SSB: «Folkemengde og areal i tettsteder. Kommune. 1. januar 2012»


  4. SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst. Tala for 1735-1815 og 1838 er henta frå Michael Drake (1969) Population and Society in Norway 1735-1865, Cambridge University Press. Før 1816 berekna middelfolkemengde.


  5. SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst


  6. SSB: «Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap, 1. januar 2013»


  7. (SSB: «Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, 1. januar 2013»


  8. SSB: «Den norske kirke, 2012» 19. juni 2013


  9. SSB: «Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 1. januar 2012»




Bakgrunnsstoff |



  • Noreg.no - offisiell regjeringsportal

  • Informasjon frå regjeringa og departementa (ODIN)

  • Stortinget

  • Statistisk sentralbyrå

  • Nasjonalbiblioteket: Noreg, Sverige og unionen


  • Pressefridomsindeks: Rangert mellom dei landa med best pressefridom.












































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029