Allan Hills
Allan Hills | |
ås | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Victoria Land og Oates Land |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Allan Hills (Antarktis) |
Allan Hills er ei åsgruppe, hovudsakleg isfri og kring 12 nautiske mil lang og som ligg like nordvest for Coombs Hills nær toppen av Mawsonbreen og Mackaybreen i Oates Land og Victoria Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av gruppa frå New Zealand (1957–58) under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition og kalla opp etter professor R.S. Allan frå University of Canterbury på New Zealand.[1]
Det er oppdaga fleire meteorittar i desse åsane, som ligg i enden av Dei transantarktiske fjella. Av dei vert meteoritten Allan Hills 84001 sagt å vere frå Mars. Det er vorte hevda at meteoritten inneheld bevis for liv på Mars i form av mikroorganismar.
Sjå òg |
- Marsmeteoritt
- Dei transantarktiske fjella
- Meteorittar i Antarktis
Kjelder |
↑ «Allan Hills». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 2. mars 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Allan Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).
|