Pediatrisk forskningsinstitutt
Pediatrisk forskningsinstitutt eller Institutt for pediatrisk forskning er ein del av Barneklinikken på Rikshospitalet, og er det einaste instituttet i Noreg for forsking på barns somatiske helse. Det blir mellom anna forska på problem hos for tidleg fødde barn, sjukdomar hjå nyfødde og spedbarn, stoffskiftesjukdomar, kreft og infeksjonar. Instituttet deltar i stor grad i internasjonalt forskingssamarbeid. Professor Ola Didrik Saugstad har vore styrar for instituttet frå 1991.