Redningsselskapet























































Redningsselskapet
Redningsselskapet Logo.png

Type Humanitær medlemsorganisasjon
Org.nummer 954 360 709
Skipa
9. juli 1891
Grunnleggjar Oscar Tybring
Hovudkontor Lysaker
Generalsekretær Rikke Lind
Misjon Redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen
Frivillige 4 200
Tilsette 197 sjøtilsette og 83 årsverk på land
Medlemmer 111 342
Motto Ingen skal drukne
Nettstad https://www.redningsselskapet.no/



RS 5 «Liv», den første av det Colin Archer kalla ei ideell redningsskøyte. Skøyta berga 132 menneske frå den visse død i løpet av si tenesteperiode frå 1894 til 1932.


Redningsselskapet, opphavleg Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning, er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon med målsetjing om å redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen. Visjonen til Redningsselskapet er «Ingen skal drukne».[1]


Redningsselskapet er utgjevar av eitt av dei største fagblada i Noreg, RS-Magasinet, med 99 400 i opplag, fire gongar i året.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Redningsarbeidet


    • 1.1 Skøytestasjonar med fast bemanna redningsskøyte[3][4]


    • 1.2 Frivillige sjøredningskorps[3][4]


    • 1.3 Redningsskøytene


      • 1.3.1 Redningsskøyter med fast mannskap[4]


      • 1.3.2 Fartøy med frivillig mannskap[4]




    • 1.4 Ambulansebåtar




  • 2 Førebyggjande arbeid


  • 3 Organisering


    • 3.1 Finansiering og økonomi




  • 4 Skipinga av Redningsselskapet


  • 5 Historie[14]


  • 6 Sjå også


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Redningsarbeidet |


Det operative arbeidet går føre seg først og fremst gjennom drift av landets redningsskøyter, som kvart år hjelper over 20 000 menneske. I 2017 redda mannskapet på redningsskøytene 35 menneskeliv i Noreg, i tillegg til at 111 fartøy vart berga.[3]


Redningsselskapet har 54 operative redningsskøyter langs kysten, samt på innsjøane Femunden og Mjøsa. Halvparten av desse er bemanna av profesjonelle sjøtilsette som er i beredskap døgnet rundt, heile året, medan den andre halvparten er drifta av sjøredningskorps og bemanna av frivillige.[3]


Totalt gjennomførte redningsskøytene 7869 oppdrag i 2017. Det er store geografiske skilnadar i oppdragsmengde. Oppdraga i sør er dominert av fritidsfartøy, medan det i nord er flest oppdrag knytt til nytte- og passasjerfartøy. Til sjøs er Redningsselskapet den primære ressursen ved søk og redning. 80 % av alle sjøredningsoppdrag kanalisert gjennom dei to hovedredningssentralane i Bodø og på Sola vart utført av Redningsselskapet i 2017.[3]



Skøytestasjonar med fast bemanna redningsskøyte[3][4] |




RS «Idar Ulstein», første fartøy i Ulstein-klassen, med fast mannskap og stasjon i Fosnavåg.



  • Nord-Noreg: Vardø/Båtsfjord, Mehamn, Havøysund, Sørvær, Skjervøy, Senja, Andenes, Myre, Svolvær, Ballstad, Røst (vinter), Bodø og Helgeland

  • Midt-Noreg: Rørvik, Hitra og Kristiansund

  • Vestlandet: Fosnavåg, Florø/Måløy, Bergen og Haugesund

  • Sørlandet: Egersund, Farsund og Arendal

  • Austlandet: Stavern, Skjærhalden og Oscarsborg



Frivillige sjøredningskorps[3][4] |




RS «Uni Kragerø», Bergesen-klasse, med mannskap frå sjøredningskorpset i Kragerø.



  • Nord-Noreg: Alta, Tromsø, Harstad og Brønnøysund

  • Midt-Noreg: Namsos, Levanger, Trondheim og Femunden

  • Vestlandet: Aukra, Ålesund, Måløy, Mongstad, Bergen og Stord

  • Sørlandet: Stavanger, Mandal, Kristiansand og Lillesand

  • Austlandet: Kragerø, Skjeberg, Tønsberg, Moss, Horten, Oslo og Mjøsa



Redningsskøytene |



For meir om dette emnet, sjå Norske redningsskøyter.


I alt 164 redningsskøyter er bygd.[4]Colin Archer designa den første klassa med redningsskøyter med segl som einaste framdriftsmiddel. Seinare vidareførte Bjarne Aas tradisjonen samtidig som skøytene fekk motor i tillegg til segl.[5]


I dag er alle tradisjonelle skøyter og kryssarar teke ut av teneste og erstatta av hurtiggåande fartøy med skrog i aluminium eller glasfiber/karbonfiber-sandwich, men fartøya vert framleis kalla redningsskøyter.[6]



Redningsskøyter med fast mannskap[4] |


























































Klasse
Lengd
Framdrift
Maskinkraft
Slepekraft
Tal på fartøy
Fosen
23-25 meter
Vribart propellanlegg
4000 hk
23 tonn
6
Von Koss
23 meter
Vribart propellanlegg
4000 hk
12 tonn
2
Ulstein
22 meter
Vannjett
4000 hk
12 tonn
3
Emmy Dyvi
20 meter
Vribart propellanlegg
2600 hk
10 tonn
2
Skomvær
20-21 meter
Vribart propellanlegg
2000-2800 hk
10 tonn
5
P.C.G. Sundt
17 meter
Vannjett
2000 hk
6 tonn
7


Fartøy med frivillig mannskap[4] |


















































Klasse
Lengd
Framdrift
Maskinkraft
Slepekraft
Tal på fartøy
Bergesen
14 meter
Vannjett
1000 hk
3 tonn
8
Staff
13 meter
Vannjett
1000 hk
3 tonn
4
Simrad
12 meter
Vannjett
680 hk
2 tonn
15
Vekteren
11 meter
Vannjett / påhengsmotor
300-500 hk
1 tonn
2
Andre
9 meter
-
-
-
1


Ambulansebåtar |




Ambulansebåten «Eyr Ytterholmen»


Redningsselskapet har fire reine ambulansebåtar i Helgeland og Nordland. Fartøya «Eyr Bremstein», «Eyr Myken» og «Eyr Ytterholmen»[4] har kontrakt med Helgelandsykehuset, og er stasjonert på høvesvis Vega, Rødøy og Bjørn[7], medan «Eyr Åsvær»[4] er på kontrakt for Nordlandssykehuset og er stasjonert på Ørnes[8].



Førebyggjande arbeid |


Det førebyggjande arbeidet skjer i hovudsak gjennom RS Frivillig Land (omlag 1000 frivillige) og ungdomsorganisasjonen RS Ung (omlag 2000 medlemmar fordelt på 36 lag).[3][9] Frivillige på land hjelper mellom anna til med gjennomføring av sommarskular, ungdomsleir og seglasar for barn og unge, bidreg på arrangement og til gjennomføringa av ulike kurs, samlar inn pengar, samt vedlikehald av basar og utstyr.[10]


Redningsselskapet står mellom anna bak arrangementet «Forebyggende seilas» for 5. til 7. klassetrinn. Med økonomisk støtte frå Sjøfartsdirektoratet, lokalt samarbeid med brannvesen, politi, helsevesen og andre aktørar, vert det tilbode ein dag med læring innan førebygging. I 2017 deltok 8406 born frå skular i heile landet. «Forebyggende seilas» går ut på å gi borna ein heil skuledag med sjøvit, brannkunnskap og førstehjelp.[3]



Organisering |




Generalsekretær Rikke Lind.


Redningsselskapet er organisert som ein frivillig humanitær organisasjon, eigd av medlemmane og styrt gjennom lokalforeninger, distriktsårsmøte og representantskapsmøte som utpeikar eit sentralstyre. Den daglege drifta av Redningsselskapet vert leia av generalsekretæren og hennar leiargruppe. [11]Rikke Lind tok 6. august 2012 over som generalsekretær etter Øyvind Stene.


Organisasjonen hadde 111 342 medlemmar i januar 2018. Av desse var 94 000 såkalla Totalmedlemmar.[9]


Representantskapet er det høgaste organet i organisasjonen og har som hovudoppgåve å velje sentralstyre og fastsette organisasjonen sine vedtekter. Representantskapsmøtet vert heldt i juni kvart år. Her møter 24 representantar frå dei 12 ulike distrikta, 12 representantar frå 11 brukarorganisasjonar og to tilsetterepresentantar. President, og leiar for sentralstyret er Nicolai Jarlsby.[12]


Redningsselskapet har sitt hovudkontor på Lysaker i Oslo og har fem regionkontor (Nord, Sør, Aust, Vest og Midt-Noreg).[11]



Finansiering og økonomi |


Redningsselskapet vert drive ved hjelp av medlemsinntekter, donasjonar, innsamla midlar, operasjonelle inntekter, tippemidlar og eit statleg bidrag frå Samferdsledepartementet på 93,5 millionar kroner.[3]


Organisasjonen forvaltar eitt eige fond med namnet Sjøredningsfondet, som vart etablert for å sikre ein forutsigbar økonomi i organisasjonen. Avkastninga i Sjøredningsfondet vert nytta til investeringar, primært oppgradering av eksisterande flåte og byggjing av nye fartøy. Ved utgongen av 2017 hadde Redningsselskapet 676 millionar kroner til forvaltning i fondet.[3]


Av organisasjonen sine samla kostnadar går 79,1% til formålsaktivitetar. Administrasjonsprosenten er 3,9%.[3]


Kvart år bergar Redningsselskapet liv og verdiar for to milliardar kroner.[3]



Skipinga av Redningsselskapet |


I 1882 var legen Oscar Tybring vitne til eit dramatisk forlis utanfor Smøla der mange sjøfolk omkom. Dette dreiv han til å ta initiativ til eit norsk redningsvesen slik dei fleste europeiske kystnasjonar allereie hadde etablert. Han reiste for eigen kostnad utanlands og studerte redningssaka. Han tala og skreiv, og utarbeidde planar for korleis han meinte det måtte gjerast i Noreg.


Trass i sitt engasjement, og tal som viste at over 700 fiskarar kvart år omkom på sjøen, møtte Oscar Tybring motbør. Mange meinte at det ikkje ville være mogleg å berge nokon langs kysten på grunn av krevjande forhold, at forlis skjedde fort, og at kostnaden ville bli for høg. Det var først når Tybring fekk med seg «Fram» sin byggmeister Colin Archer og admiral Johan Kren at redningssaka gjorde framsteg.


Etter nok ein vinter med mange omkomne på havet, tok Heinrich Scheller i Christiania Kjøbmandsforening opp saka i si foreining der han tala for redningssaka. Ein arbeidskomité vart sett ned, og etter ei større innsamling vart Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning skipa 9. juli 1891.[13]



Historie[14] |




RS 41 «Christian Bugge» med skipper John Bakken vert hylla ved ankomst Kristiansund etter Rokta-forliset.



  • 1891: Redningsselskapet vert skipa

  • 1893: Dei første redningsskøytene vert sett på sjøen

  • 1894: Redningsdåden i Hamningberg der 36 menneske vert redda i storm av redningsskøyta «Colin Archer». Redningsforeiningar vert skipa over heile landet, og redningssaka får vind i segla.

  • 1895 - 1897: Mislukka forsøk med motor

  • 1900: 900 liv redda på sju driftsår

  • 1908: Ny skøytekonstruksjon frå Colin Archer, tilpassa seinare motorinstallasjon

  • 1930: Første redningsskøyte med motor

  • 1938: Mannskapet på RS «Christian Bugge» og lokale fiskarar bergar halvparten av mannskapet på dampskipet «Rokta» i ein dramatisk redningsaksjon som er sendt direkte på radio

  • 1949: Første havgåande redningskryssar vert sett på sjøen

  • 1956: Første stålskøyte vert sett på sjøen

  • 1968: RS 75 «Sjøfareren» på 92 fot vert sett på sjøen, den største redningsskøyta så langt

  • 1969: Redningsskøytene startar med froskemannsoppdrag

  • 1973: Første hurtiggåande redningsskøyte vert bygt

  • 1974: Redningsselskapet startar med heilårsdrift og mannskapet vert tilsett på heiltid

  • 1992: Redningsselskapet er 100 år, og så langt er 5 301 menneskeliv redda, og 1 780 fartøy berga

  • 1996: Første frivillige sjøredningskorps vert etablert

  • 2008: Redningsselskapet skipar Sjøredningsskolen i Stavern for å utdanne redningsmenn og -kvinner

  • 2009: RS Ung for ungdom mellom 14 og 25 år vert etablert

  • 2013: Redningsselskapet lanserer ny visuell profil og vert nominert til Hedersprisen for god design[15]

  • 2015 - 2017: Redningsselskapet deltek i Frontex-operasjonen Poseidon i Hellas, og mottok ei rekkje prisar for dette, mellom annet Humanistprisen 2016[16], Årets navn (VG) 2016[17] og Politiets medalje for internasjonal tjeneste (2016 og 2017)[18].

  • 2018: Redningsselskapet sin høge beskyttar kong Harald åpna organisasjonen sin nye heim og senter for sjøsikkerheit og maritim kompetanse, RS Noatun. Senteret er lokalisert på Langgrunn utanfor Horten og er den største enkeltinvesteringa i Redningsselskapet si historie.[19]



Sjå også |



  • Colin Archer

  • Norske redningsskøyter

  • Royal National Lifeboat Institution

  • Redningsstasjon



Kjelder |




  1. «Vår visjon». Redningsselskapet. Henta 20.08.2017. 


  2. ««Opplag 10 største fagblader - Medienorge - fakta om norske massemedier - statistikkmeny»». Medienorge. 


  3. 3,003,013,023,033,043,053,063,073,083,093,10 «Årsrapport 2017» (PDF). Redningsselskapet. 


  4. 4,04,14,24,34,44,54,6 «Redningsskøytene». Redningsselskapet.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «:4» er definert fleire gonger med ulikt innhald


  5. «Vår historie». Redningsselskapet. 


  6. «Skøyteklasser». Redningsselskapet. 


  7. «Ambulanse - bil og båt», Helgelandssykehuset (på norsk), henta 28. mars 2019 


  8. «Ambulansetjenesten», Nordlandssykehuset (på norsk), henta 28. mars 2019 


  9. 9,09,1 Blich, Vibeke (18. januar 2018), «Over 50.000 nye medlemmer for Redningsselskapet - Skipsrevyen.no», www.skipsrevyen.no (på bokmål), henta 6. mars 2019 


  10. «Frivillig på land», Redningsselskapet (på bokmål), henta 6. mars 2019 


  11. 11,011,1 «Organisasjon». Redningsselskapet. 


  12. «Årsrapport 2016» (PDF). Redningsselskapet. Henta 10.08.2017. 


  13. Holtvedt, Reidar; Redningsselskapet (1961), Norsk selskab til skibbrudnes redning: Redningsselskapet 1891-1961, s.n., henta 7. mars 2019 


  14. «Redningsselskapets historie», Redningsselskapet (på bokmål), henta 7. mars 2019 


  15. «Redningsselskapet – Hederspris-nominert - Norsk design- og arkitektursenter», web.archive.org, 11. august 2017, henta 7. mars 2019 


  16. «– Vi er stolte av at HEF ser jobben vi gjør», human.no (på norsk), henta 7. mars 2019 


  17. «VG mener: Et flott valg av VGs lesere», www.vg.no (på norsk), henta 7. mars 2019 


  18. «Fikk politiets medalje for redningsinnsatsen i Hellas | Redningsselskapet», www.ntbinfo.no (på norsk), henta 7. mars 2019 


  19. «H.M. Kong Harald er til stede ved åpningen av Redningsselskapets nye maritime senter i Horten. | Redningsselskapet», www.ntbinfo.no (på norsk), henta 7. mars 2019 



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • RS-Magasinet





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029