Slovenia




[endre]































































Republika Slovenija

(norsk: Slovenia, slovensk)














Det slovenske flagget

Det slovenske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Zdravljica»
Motto
Ikkje noko

Geografisk plassering av Slovenia

Offisielle språk

Slovensk, Italiensk1 og Ungarsk1

Hovudstad

Ljubljana

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Borut Pahor
Miro Cerar

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
20 273 km² (152.)
0,6 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 972 126 (145.)
97,3 /km² (83.)

Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Jugoslavia
25. juni 1991
1992

Nasjonaldag

25. juni

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
63 600 mill. USD (98.)
32 800 USD (41.)

Valuta

Euro

Tidssone

UTC +1

Telefonkode
+386

Toppnivådomene
.si

1 I visse kommunar.



Republikken Slovenia (slovensk Republika Slovenija) er eit land sør i Europa. Landet grensar til Italia i vest, Adriahavet i sørvest, Kroatia i sør og aust, Ungarn i nordaust og Austerrike i nord. Slovenia var del av Austerrike-Ungarn fram til 1918 då det vart ein del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongedømme, som I 1929 endra namn til Jugoslavia. Det vart sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991. Det har vore medlem av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Topologi


    • 1.2 Klima




  • 2 Demografi


    • 2.1 Folkesetnad


    • 2.2 Språk


    • 2.3 Religion




  • 3 Historie


  • 4 Politikk


  • 5 Økonomi


  • 6 Kultur


    • 6.1 Kunst og litteratur


    • 6.2 Idrett




  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |



For meir om dette emnet, sjå slovensk geografi.



Topologi |





Triglav - det høgste fjellet i Slovenia


I Slovenia møtes fire store europeiske geografiske regionar: Alpane, Dei dinariske Alpane, den pannoniske sletta og Middelhavet. Landet er stort sett berglendt, med slettelandskap i aust og nordaust. Det høgste punktet er Triglav (2864 m.o.h.). Namnet tyder ”tre hovud”, og ein finn fjellet på riksvåpenet, som eit nasjonalsymbol for Slovenia. Om lag halvparten av landet (10 124 km²) er skogdekt, Slovenia er dermed det tredje mest skogdekte landet i Europa etter Finland og Sverige. Restar av urskog finst framleis, dei største i Kočevje-området. Grassletter utgjer 5593 km², hagar og marker 2471 km², frukthagar 363 km² og vingardar 216 km². Slovenia er særskilt kjent for karst-landskapet sitt. Ordet karst vert brukt om landskapstypar som er danna i lett eroderte steinsortar, som kalkstein, som typisk har mange holer og grotter. Karst er det tyske namnet på regionen Kras i Slovenia, som har gitt namnet sitt til denne landskapstypen. Kystlina til Adriahavet er 47 km lang.



Klima |


Sjølv om Slovenia så vidt har grense mot Middelhavet, er klimaet i det meste av landet kontinentalt, som i Sentral-Europa. Karst-landskapet hindrar stort sett lufta frå Middelhavet i å strøyme inn i landet. Området har ein god del sol, men det kan regne ganske kraftig her om vinteren. Når den kontinentale lufta strøymer innover landet er det ofte i form av boravinden, som kan gje vindkast over 40 m/s. Dei høgareliggande områda i nord og vest har milde forhold om sommaren, men kan ha ganske så vinterlege forhold på vinterstid. Frå tidleg på sommaren byrjar nærleiken til Middelhavet å gjere seg gjeldande i form av kraftige torebyer. Frå september av er det derimot sjeldan med torevêr, men ein kan framleis få ei regnbye i ny og ne. Vintertemperaturane i austlege delar av Slovenia er omtrent som i Ungarn, men ein har oftare mildare periodar her.


Snittemperaturen er -2 °C i januar og 21 °C i juli. Årleg nedbør er i snitt 1000 mm på kysten, opp til 3500 med meir i Alpane, 800 mm i søraust og 1400 mm sentralt i Slovenia.



Demografi |



Folkesetnad |


Folkesetnaden i Slovenia er relativt etnisk homogen. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 83,1 % seg som slovenarar, 8,9 % erklærte ingen nasjonalitet eller nasjonalitet ukjent. Dei største minoritetane kom frå andre tidlegare jugoslaviske statar: serbarar (2,0 %), kroatar (1,8 %) og bosnjakar (1,1 %). To små minoritetsgrupper, ungarar (0,4 %) i aust og italienarar (0,2 %) på Istria og ved kysten, har status i grunnlova som «innfødde minoritetar», og har ein plass kvar reservert i nasjonalforsamlinga. Det fanst òg ein tysk minoritet fram til andre verdskrigen, men desse vart fordrivne eller flykta etter krigen. I 2002 var det 499 menneske som oppgav tysk nasjonalitet.


Dei største byane er hovudstaden Ljubljana (266 000 ib., 495 000 i det større byområdet), Maribor (111 000) og Celje (48 100).


Med 99 ibuarar per kvadratkilometer er Slovenia relativt tynt folkesett etter europeiske tilhøve. Om lag 51 % av folket bur i byar og 49 % på landsbygda. Forventa levetid er 72,2 år for menn og 80 år for kvinner (2003). Folketalet i Slovenia er svakt søkkande.



Språk |


Statsspråket er slovensk, som har ein skriftleg tradisjon tilbake til 1500-talet. Slovensk er eit sør-slavisk språk. Som for mange andre små folkeslag er språket ein svært viktig del av slovenarane si nasjonalkjensle. Fram til oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 var tysk eliten sitt språk og slovensk hadde lågare status, men på 1800-talet oppstod det ei språkrørsle som brukte slovensk som litteraturspråk og kjempa for å heva språket sin status. Enkelte forfattarar meinte på denne tida at slovenarane burde bruka serbo-kroatisk heller enn tysk og at det slovenske språket var for lite til å stå på eigne bein, men denne tankegangen vann ikkje fram. I Jugoslavia var slovensk eit av dei offisielle språka, men i praksis følte slovenarane ofte eit språkleg press frå serbo-kroatisk.


Minoritetsspråka italiensk og ungarsk har offisiell status i delar av landet.



Religion |


Slovenarane har tradisjonelt vore katolikkar, sidan dei vart kristna rundt 800. Unntaket var ein kort periode på 1500-talet då den protestantiske reformasjonen stod sterkt i Slovenia, men med den katolske motreformasjonen erobra den katolske kyrkja si stilling. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 57,8 % av folket seg som katolikkar, noko som er ein nedgang frå 71,6 % i 1991. 2,4 % var muslimar og 2,3 % ortodokse kristne. 10,1 % erklærte seg som ateistar.



Historie |




Borga og kyrkja i Bled


Dei tidlegaste kjende folkeslaga i dagens Slovenia var keltarar og illyrarar. Romarriket tok kontroll over området i det første hundreåret AD. Romerske byar i området omfattar Celeia (no Celje), Emona (Ljubljana), Nauportus (Vrhnika) og Poetovia (Ptuj). Dei romerske provinsane Dalmatia, Italia, Noricum og Pannonia omfatta delar av det som i dag er Slovenia. På 500-talet kom dei første slavarane til dagens Slovenia. På 600-talet oppstod det slaviske fyrstedømet Karantania, med senter nær dagens Klagenfurt, som strekte seg heilt til dagens Tsjekkia og Slovakia. Karantania fall på 700-talet under først bayersk og så frankisk herredøme, og vart del av Karl den store sitt keisarrike. Etter at forløparane for dagens ungararar slo seg ned på den pannoniske sletta på midten av 900-talet vart slovenarane og dei andre sørslavarane skilde frå vestslavarane lenger nord. Karantania vart del det tysk-romerske rike, først under hertugdømmet Bayern, frå 976 under hertugdømmet Kärnten. Kärnten vart over dei neste hundreåra oppdelt i hertugdøma Kärnten (slovensk Koroška), Steiermark (Štajerska) og Krain (Kranjska). Frå slutten av 1200-talet av kom dei slovenske område under styret til habsburgarane, der dei skulle bli verande heilt til 1918.


Slovenia vart del av grenselandet mot Det osmanske riket, som ved to høve nådde heilt til Wien med hærane sine. Det vart ofte herja, men vart aldri erobra av ottomanarane. På 1400-talet og 1500-talet var det hyppige bondeopprør, og då reformasjonen kom på 1500-talet vart mange slovenarar protestantar. I samanheng med dette vart den første boka på slovensk trykt i 1551 av Primož Trubar, og ei slovensk bibelomsetjing og slovensk grammatikk vart laga. Men med motreformasjonen vart Slovenia igjen katolsk område. Dei neste 300 åra var Slovenia ein roleg del av Habsburg-riket. På 1700-talet vart alminneleg skuleplikt innført, med undervisning på dei lågaste klassetrinna. I 1782 vart liveigenskapen avskaffa og fri religionsutøving tillate. I 1797 kom den første slovensk-språklege avisa, Ljubljanske Novice. I 1809 vart Slovenia erobra av det franske keisarriket under Napoléon Bonaparte, og Ljubljana vart hovudstad for Frankrike sine illyriske provinsar. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 vart den gamle orden gjeninnført.


Utover 1800-talet voks den slovenske nasjonalrørsla, mellom anna inspirert av tida under Napoleon. Slovenarane var dessuten på denne tida under sterkt germaniseringspress. Det slovenske språket hadde låg status, og for å stiga i dei sosiale gradene måtte ein "bli tysk". Diktaren France Prešeren (1800-1849 viste at det slovenske språket kunne brukast til høgverdig litteratur, og har seinare fått ein status som slovensk nasjonaldiktar. Under revolusjonane i Europa i 1848 vart tanken om større slovensk sjølvstyre for fyrste gong fremja. Utover 1800-talet reiste kravet seg om at dei slovenske områda, som framleis var delt mellom dei gamle hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain, skulle slåast saman til eitt område med indre sjølvstyre. I 1867 fekk Ungarn status som eige kongedøme, og det austerrikske keisarriket vart til dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Fleire og fleire slovenarar slutta seg til den sør-slaviske (jugoslaviske) tanken - at dei sørslaviske folka, slovenarar, kroatar og serbarar innad i keisarriket, skulle slutta seg saman og få lik status som Ungarn, slik at dobbeltmonarkiet ville verta eit trippelmonarki.




Byen Novo Mesto


Denne tanken fekk ikkje gjennomslag før den første verdskrigen braut ut. Då denne førte til det totale samanbrot for Austerrike-Ungarn gjekk slovenarane med i den nye staten Serbarane, kroatane og slovenarane sitt kongerike, som i 1929 endra namn til kongeriket Jugoslavia. Kystområda vart okkuperte av Italia. Fullt sjølvstende vart ikkje vurdert seriøst av slovenarane på denne tida, då landet verka for lite til å overleva som eigen stat i dei urolege tidene som då var. Monarken i det nye kongeriket var den gamle kongen av Serbia, og slovenarane oppfatta staten som sterkt serbisk dominert. Med grunnlovsendringa som medførte namneskiftet til Jugoslavia i 1929 forsvann òg namnet Slovenia, nye provinsgrenser vart trekte opp og det meste av Slovenia vart del av Dravska banovina. Dessutan avskaffa kongen politiske parti og tok makta i eit kongeleg diktatur.


Då den andre verdskrigen braut ut var Jugoslavia frå starten av nøytralt, men 25. mars 1941 vart regenten, prins Paul, pressa til å inngå allianse med aksemaktene. To dagar etter vart han avsett i eit militærkupp. Tyskland reagerte med å invadera Jugoslavia 6. april 1945, støtta av Italia, Ungarn og Bulgaria. Slovenia vart delt opp mellom Italia, Tyskland og Ungarn. Okkupasjonstida var ei blodig tid i heile Jugoslavia, med uoversiktlege konfliktlinjer mellom kommunistiske partisanar under Tito og andre motstandsgrupperingar, som ofte enda opp med å alliera seg heilt eller delvis med dei tyske og italienske okkupantane mot kommunistane. I Slovenia oppstod ein organisasjon kalla domobranstvo (heimevern) (deltakarane domobranci), som var drivne av anti-kommunisme og kjempa mot partisanane, som òg var aktive i Slovenia. Etter slutten av krigen gjennomførte Tito sine partisanar i mai 1945 omfattande massakrar på domobranci, kroatiske ustasja-soldatar og andre som hadde prøvd å flykta til den britiske okkupasjonssona i Austerrike, den såkalla Bleiburg-massakren. Talet drepne er vanskeleg å slå fast, men går opp i fleire titusen. Den tyske minoriteten vart driven ut av landet. Med fredsavtalen overtok Jugoslavia dei slovenske områda som hadde vore italienske i mellomkrigstida, men målet om òg å få byen Trieste, som hadde ein stor slovensk minoritet, vart ikkje oppnådd. Jugoslavia vart reorganisert som ein sosialistisk føderasjon, og Slovenia vart ein av dei seks delrepublikkane.


Under Tito sitt styre var landet eit stabilt kommunistisk diktatur, men etter Tito sitt brot med Stalin i 1948 på mange måtar friare enn landa som låg under sovjetisk dominans. Etter at Tito døydde i 1980 vart leiarskapet overtatt av eit kollektivt presidentskap med ein representant frå kvar republikk, med rullerande leiarskap for eit år om gongen. Slik prøvde ein å behalda stabiliteten, men dei indre spenningane i føderasjonen meir og meir tydelege. Økonomiske nedgangstider førte til at Slovenia raskt sakka akterut i levestandard for dei kapitalistiske nabolanda, sjølv om det var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane. I 1986 vart Milan Kučan partisjef i kommunistpartiet i Slovenia og starta ein liberaliserings- og demokratiseringsprosess. Den auka pressefridomen som han tillét skapte store spenningar i forhold til det kommunistiske leiarskapet sentralt og den føderale hæren. I 1989 heldt Slovenia det første frie valet i Jugoslavia, då det skulle veljast ny slovensk representant til det føderale presidentskapet. Kommunistpartiet sin kandidat tapte valet for opposisjonskandidaten Janez Drnovšek. Etter at Slobodan Milošević kom til makta i Serbia, den største av delrepublikkane, oppstod det stadig spørre spenningar mellom Slovenia og Serbia. 23. januar 1990 marsjerte den slovenske delegasjonen ut av Jugoslavias kommunistforbund sin ekstraordinære partikongress etter at dei ikkje hadde lukkast i å få fleirtal for eit einaste av ei rekkje reformforslag dei hadde fremja. Slovenia gjekk lenge inn for ei omorganisering av Jugoslavia til ein lausare konføderasjon, men då det viste seg umogleg å få Serbia med på dette vart det større og større oppslutning om tanken å forlata Jugoslavia. I april 1990 heldt Slovenia dei første frie parlaments- og presidentvala, der opposisjonskoalisjonen DEMOS kom til makta. Kučan vart vald til president. 23. desember 1990 vart det heldt folkerøysting om sjølvstende frå Jugoslavia, som gav 88,5 % fleirtal for lausriving. 26. juni 1991 erklærte Slovenia seg som sjølvstendig stat, noko som utløyste ein ti dagar lang krig mot den jugoslaviske hæren. Dei slovenske styrkane sigra over hæren militært, og hæren vart forhindra frå å fortsetja krigen av det serbiske leiarskapet i Beograd, som var villige til å la Slovenia gå og heller bruka militære ressursar i den komande krigen i Kroatia. Meklarar frå EU forhandla fram ein avtale om at Slovenia skulle leggje sjølvstendeerklæringa på is i tre månader, mens den jugoslaviske hæren trekte seg ut. 15. januar 1992 vart Slovenia sitt sjølvstende anerkjent av EU, og 22. mai vart landet medlem av FN, saman med dei andre post-jugoslaviske statane.


Sidan sjølvstendet har Slovenia vore prega av stabilitet. Landet er ein av dei rikaste av dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa. Det har vore stor politisk semje om å verta med i den europeiske integreringsprosessen. Etter folkerøystingar vart Slovenia medlem i NATO 29. mars 2004 og EU 1. mai 2004.



Politikk |


Slovenia er ein parlamentarisk republikk, med ein president som vert vald av folket kvart femte år, og ein statsminister vald av nasjonalforsamlinga. Statsministeren har det meste av den reelle makta. Nasjonalforsamlinga heiter Državni zbor og har 90 medlemer, som vert valde kvart fjerde år. Ein av plassane er reservert for den italienske minoriteten og ein for den ungarske minoriteten. Presidenten, Danilo Türk, vart vald i desember 2007. Statsministeren sidan parlamentsvalet i oktober 2004 heiter Janez Janša og representerer Det slovenske demokratiske partiet (Slovenska demokratska stranka), det største av fire parti i ei sentrum-høgre koalisjonsregjering. Det største opposisjonspartiet, som har site ved makta det meste av tida sidan 1992, er det liberale partiet Slovenias liberale demokrati (Liberalna demokracija Slovenije).


Noreg har hatt ein ambassade i Ljubljana sidan 1. desember 2003. Slovenia er representert i Noreg ved ambassaden sin i København.



Økonomi |


Slovenia var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane, og har opplevd sterk økonomisk vekst sidan sjølvstendet i 1991. Det er det rikaste av dei nye EU-medlemene, rekna etter brutto nasjonalprodukt. Inflasjonsraten var på 3,6 % i 2004 og 2,5 % i 2005 og nærmar seg no snittet i EU. Økonomisk vekst var 2,7 % i 2003 og 4,2 % i 2004. Arbeidsløysa var i 2005 9,8 %.


Landet har dei siste åra gjennomført privatisering i bankvesenet, telekommunikasjon og offentlege tenester. Restriksjonar på utanlandske investeringar har blitt bygd ned og direkte utanlandsk investering er venta å auka. Dei viktigaste handelspartnarane er Tyskland, Italia og Austerrike.


Slovenia innførte den europeiske fellesvalutaen euro den 1. januar 2007.



Kultur |



Kunst og litteratur |


France Prešeren (1800-1849) har status som nasjonalforfattar. Han har mellom anna skrive nasjonalsangen Zdravljica (Ein skål). I nyare tid har musikkgruppa Laibach gjort seg bemerka internasjonalt.



Idrett |


Slovenia si plassering i Alpane har gjort at vintersport er populært. Kjende er vintersportsstadane Kranjska Gora, som arrangerer verdscuprenn i alpint, og Planica, som har ein kjend skiflygingsbakke.



Bakgrunnsstoff |




  • Republikken Slovenia - den slovenske staten sine nettsider.


  • Slovenia.si - slovensk nettportal.




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slovenia
















































Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029