Stortinget







Stortingsbygningen


Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som avgjer dei fleste sakene samla.


Tidlegare var Stortinget delt i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget, ved handsaming av lovsaker. Lovsakene blir no handsama av eit samla Storting, men ein ny lov må vedtakast med same ordlyd to gonger.


Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er



  • å vedta nye lover og endra eller oppheva gamle

  • å vedta statsbudsjettet, det vil seia å fastsetja dei årlege inntektene og utgiftene til staten

  • å kontrollera regjeringa og statsforvaltninga

  • å handsama planar og retningsliner for verksemda til staten ved å drøfta meir generelle politiske spørsmål (til dømes i utanrikspolitikken), ta standpunkt til reformplanar, godkjenna større prosjekt med vidare


Ettersom Noreg har eit parlamentarisk styringssystem må kongen velja rådgjevarane sine – regjeringa – frå parti som har tillit hjå eit fleirtal på Stortinget, og regjeringa må gå av viss eit fleirtal på Stortinget seinare uttrykkjer mistillit til regjeringa.




Innhaldsliste






  • 1 Stortingsrepresentantar


  • 2 Arbeidsordning


    • 2.1 Presidentskap


    • 2.2 Komitear


    • 2.3 Møteprosedyre


    • 2.4 Lovendringar




  • 3 Odelsting og Lagting


  • 4 Valordning


    • 4.1 Utjamningsrepresentantar




  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Stortingsrepresentantar |





Løvebakken.


Det er stortingsval kvart fjerde år. Av dei 169 representantane kjem 150 direkte inn som distriktsrepresentantar, medan 19 kjem inn på utjamningsmandat. Talet på representantar som skal veljast inn i kvart valdistrikt er sett fast i vallova ut frå folketalet og flatevidda av distrikta[1]. Sist stortingsval var den 9. september 2013, jf. lista over stortingsrepresentantar 2013–2017.


Etter ei grunnlovsendring frå 2003 er ikkje talet på representantar frå kvart valdistrikt fastsett i grunnlova. Lova seier i staden kor mange representantar ein skal ha totalt, og gjev ein utrekningsmåte for korleis dei skal fordelast ut frå folketal og areal i valdistrikta (Grl. § 57).


Frå 1989 til 2005 hadde Stortinget 165 representantar. Av desse blei åtte valde inn som utjamningsrepresentantar, fordelt over heile landet.



Arbeidsordning |



Presidentskap |


Stortingspresidenten leier møta i Stortinget, i samarbeid med visepresidentane. I tillegg har presidenten i oppgåve å representera Stortinget i offisielle høve. Stortingspresidenten er konstitusjonelt nummer to i landet, berre etter Kongen, og tek over visse kongelege oppgåver dersom kongen er fråverande eller indisponert.


Stortingspresident for perioden 2009–2013 er Dag Terje Andersen. Her er valt fem visepresidentar i nummerrekkefølgje.






Stortingskomiteane

Fagkomitear

  • Arbeids- og sosialkomiteen

  • Energi- og miljøkomiteen

  • Familie- og kulturkomiteen

  • Finanskomiteen

  • Forsvarskomiteen

  • Helse- og omsorgskomiteen

  • Justiskomiteen

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

  • Kommunal- og forvaltingskomiteen

  • Kontroll- og konstitusjonskomiteen

  • Næringskomiteen

  • Transport- og kommunikasjonskomiteen


  • Utanrikskomiteen og den utvida utanrikskomiteen


Andre komitear



  • Arbeidsordningskomiteen

  • Fullmaktskomiteen

  • Valkomiteen




Komitear |


Mesteparten av det faglege arbeidet i Stortinget skjer i komiteane. Fordeling av saker på dei ulike komiteane er fastsett i Stortingets forretningsorden.


Saker som Stortinget skal ta stilling til blir først handsama av ein fagkomité. Kvar stortingsrepresentant sit i ein komite som har eit særskilt arbeidsområde. Det er tretten faste fagkomitear pluss den utvida utanrikskomiteen, og i tillegg tre administrative komitear; andre komitear kan utnemnast om det trengst.



Møteprosedyre |


Stortingsmøta tek til med at stortingspresidenten innleier med «Stortingets møte er lovlig sett», eller ein variasjon av desse orda. Deretter opnar presidenten for private forslag før Stortinget fortsetter med den tidlegare fastsette møteplanen. Når møteplanen er ferdig behandla blir møtet heva. Stortinget sit saman så lenge det finn det naudsynt.



Lovendringar |


Lovframlegg, anten det gjeld nye lover eller endring eller oppheving av eksisterande lover, blir i hovudsak presentert for Stortinget av regjeringa i lovproposisjonar (Prop. L), men kan òg fremjast av enkeltrepresentantar gjennom såkalla private lovframlegg (Grl. § 76).


Eit lovframlegg må handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at loven skal bli vedteken. Minst tre dagar må gå mellom dei to behandlingane. Dersom framlegget blir forkasta ved den første handsaminga, fell det bort. Om eit lovframlegg ikkje blir akseptert ved den andre handsaminga, må det handsamast ein tredje gong.


Eit lovframlegg som er vedteke av Stortinget, blir sendt vidare til kongen for sanksjonering (Grl. § 77). Kongen kan etter grunnlova nekta å sanksjonera eit lovframlegg – kongens vetorett – og senda det attende til tinget, som i så fall ikkje får leggja det fram på nytt før etter neste stortingsval (Grl. § 78). Men viss det neste Stortinget vedtek det same lovframlegget, vert det til lov anten Kongen sanksjonerer det eller ikkje (Grl. § 79).


Framlegg om brigde i Grunnlova må leggjast fram i eitt av dei tre første Storting etter eit val. Deretter kan det vedtakast av eitt av dei tre første Stortinga etter neste val (Grl. § 112). Endringar i grunnlova må alltid gjerast med kvalifisert fleirtal av Stortinget i plenum. Grunnlovsendringar blir underskrivne av stortingspresidenten og stortingssekretæren, ikkje kongen, men blir sende kongen (les: regjeringa) til orientering og vidare offentleggjering (Grl. § 112).



Odelsting og Lagting |


Grunnlova § 49 sa tidlegare at «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» Stortinget blei altså delt i to delar når det handsama lovforslag. Stortingsrepresentantane sjølve fordelte seg på dei to kammera etter stortingsval. Ein fjerdedel av representantane sat i Lagtinget medan resten sat i Odelstinget.


Stortinget var likevel ikkje delt i to kammer på same måte som mange andre nasjonalforsamlingar. Medlemmene i dei to avdelingane blei valde under eitt ved same stortingsval, for same periode, og etter same krav til å kunne veljast.


I røynda hadde Lagtinget svært lita makt den siste tida. Ut frå samansettinga i dei første tiåra etter 1814 kan det sjå ut som om dette tinget var meint å virka som eit overhus. I våre dagar fungerte det ikkje slik, ettersom yngre representantar og førstegangsvalde gjerne blir plasserte her. I teorien hadde Lagtinget ein viktig funksjon i samband med riksretten, som blei utforma av medlemmene av dette kammeret saman ned høgsterettsdommarane. Det har ikkje vore reist riksrettssaker i Noreg sidan 1927.


Forslaget til grunnlovsendring blei sett fram i september 2004 og blei 20. februar 2007 vedteke av Stortinget med 159 mot 1 stemme. (Berre Sverre Myrli stemde mot.) Nyordninga er i kraft frå 1. oktober 2009.





Valordning |




Medlemmer av Stortinget og regjeringen blir ofte intervjua av pressen i vandrehallen etter møte.
Foto: Leif Knutsen



Sidan 2005 har det vore 169 valde representantar på Stortinget. 150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar. Kvart fylke har ein utjamningsrepresentant til fordeling blant dei partia som kjem over sperregrensa og som vart underrepresentert ved mandatfordelinga.


Stortingsrepresentantane blir fordelte mellom fyla etter ein formel der ein innbyggar tel eitt poeng og ein kvadratkilometer tel 1,8 poeng. Dette blir delt på talet på stortingsrepresentanter (169).


Ved stortingsvala i 2013 og 2017 gjeld denne mandatforedlinga:









































































Østfold 9 mandat Rogaland 14 mandat
Akershus 17 mandat Hordaland 16 mandat
Oslo 19 mandat Sogn og Fjordane 4 mandat
Hedmark 7 mandat Møre og Romsdal 9 mandat
Oppland 7 mandat Sør-Trøndelag 10 mandat
Buskerud 9 mandat Nord-Trøndelag 5 mandat
Vestfold 7 mandat Nordland 9 mandat
Telemark 6 mandat Troms 6 mandat
Aust-Agder 4 mandat Finnmark 5 mandat
Vest-Agder 6 mandat Herav utjevningsmandater  19 mandat


Utjamningsrepresentantar |


Ved grunnlovsendring 10. mai 1988 vart ordninga med utjamningsrepresentantar innført. Talet på stortingsrepresentantar vart utvida frå 157 til 165 (§ 57),av desse skulle 157 vere distriktsrepresentantar og dei øvrige åtte utamningsrepresentantar (§ 58). Listeforbund vart ikkje tillate, og det vart innført ei sperregrense på 4 % for å få tildelt utjamningsrepresentantar. Utjamningsrepresentantane vart fordelte etter St. Laguës metode (§ 59).




Ved grunnlovsendring 26. mai 2003 vart §§ 57, 58 og 59 endra på nytt. Talet på stortingsrepresentantar vart utvida til 169 (§ 57), av desse 150 skulle vere distriktsrepresentantar, mens 19 skulle vere utjamningsrepresentantar (§§ 57 og 59).


Etter revisjonen i 2003 er talet på representantar frå kvart valdistrikt ikkje lenger fastsett i Grunnlova. § 57 fastset det samla talet på representantar, men ikkje kor mange representantar som so0m skal veljast frå kvar valkrets (fylke). Dei 169 mandata blir fordelt på bakgrunn av folketalet og arealet i valdistrikta. Fordelinga blir revidert av Kommunal- og regionaldepartementet kvart åttande år (annakvart stortingsval), neste gong før valet i 2021.














































































Periode
Tal på rep.
Utjamningsrep.
1815–1817
87

1817–1820
78

1820–1826
77

1826–1829
79

1829–1832
81

1832–1835
95

1835–1838
96

1838–1841
99

1841–1844
100

1844–1847
102

1847–1850
105

1850–1853
106

1853–1856
107


 



































































Periode
Tal på rep.
Utjamningsrep.
1856–1859
111

1859–1862
117

1862–1879
111

1879–1903
114

1903–1906
117

1906–1918
123

1918–1921
126

1921–1973
150

1973–1985
155

1985–1989
157

1989–2005
165
8
2005–i dag
169
19



Kjelder |




  1. Vallova



Bakgrunnsstoff |



  • stortinget.no

  • tinget.no


  • Ny lovbehandling fra 1. oktober 2009, stortinget.no




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stortinget























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029