Ambolt






Ambolt




Ambolt




Ein smed arbeider med jarn med hammar og ambolt


Ein ambolt (eller eit ste) er ei massiv blokk av stein eller metall. Ambolten vert brukt som støtte når ein arbeider med andre objekt ved hamring eller meisling, som til dømes når ein smir jarn og stål.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Amboltar i kulturen


    • 2.1 Fjernsyn og film


    • 2.2 Musikk


    • 2.3 Underhaldning


    • 2.4 Litteratur




  • 3 Kjelder





Historie |


Amboltar har vorte brukte sidan tidleg i bronsealderen av alle typar smedar til arbeid med metall, sjølv om verktøyet òg vart brukt endå lenger attende til arbeid med stein og flint.


Det finst mange referansar til amboltar i det antikke Hellas og det antikke Egypt, mellom anna i Homer sine verk. Ambolten vart forbetra i mellomalderen, då arbeid med jarn var svært vanleg.



Amboltar i kulturen |



Fjernsyn og film |


Amboltar med eit horn i den eine enden og ei flat side i den andre, vert ofte brukt i teiknefilmar, der dei ofte fell ned på skurken. Dette er veldig ofte brukt i Warner Bros. sine Looney Tunes- og Merrie Melodies-teiknefilmar, og seinare har andre teiknefilmar og brukt dette, inspirert av desse korte filmane. Mange i dag har kanskje berre sett aboltar som ein rekvisitt i teiknefilmar, og veit ikkje at desse eigentleg vert brukte i arbeid med metall.



Musikk |


Amboltar har òg vorte brukte som slagverksinstrument i fleire populære musikkomposisjonar.
I Giuseppe Verdi sin opera Il Trovatore slår sigøynarar på amboltar i første scene av akt 2 i songen «Coro di Zingari», på engelsk gjerne kjend som «Anvil Chorus».
Ambolt blir også brukt i operaen Antigone av Carl Orff og i Das Rheingold og Siegfried av Richard Wagner. Førstnemnde nyttar 18 amboltar stemde til F i tre oktavar, medan sistnemnde særleg er kjend for bruken i akt 1, i Nothung! Nothung! Neidliches Schwert!
I annan klassisk musikk blir amboltar brukt i «Song of the Blacksmith» i Second Suite in F for Military Band av Gustav Holst, Feuerfest!, op. 269 (1869) av Josef Strauss,[1]Dwellers of the Western World av John Philip Sousa, med ein stor og ein liten ambolt i andresatsen The White Man, The Burning Fiery Furnace av Benjamin Britten, Ionisation av Edgard Varèse og Belshazzar's Feast av William Walton.


Innan filmmusikk har amboltar vore brukt av James Horner i Aliens og andre filmar, som Flightplan, The Forgotten og Titanic, av John Williams i Jaws og Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, av Brad Fiedel i The Terminator, av Alan Silvestri i The Mummy Returns, av Don Davis i The Matrix-trilogien og av Howard Shore i The Lord of the Rings-filmane, særleg i musikk knytt til Isengard.


The Beatles brukte instrumentet i songen «Maxwell's Silver Hammer», der Ringo Starr spelte ambolt.



Underhaldning |


Tidlegare skaut folk i sørlege USA opp amboltar som underhaldning i staden for fyrverkeri.



Litteratur |


Amboltprisen er ein norsk litteraturpris med ein ambolt som symbol. Prisen vert delt ut til folk som har gjort Olav H. Hauge si dikting kjend.



Kjelder |




  1. Scott, Derek B. (2008). Sounds of the metropolis: the nineteenth-century popular music revolution in London, New York, Paris, and Vienna, p. 139. Oxford University Press, New York. ISBN 978-0-19-530946-1.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Anvil» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2019.







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum