Phil Collins























































Phil Collins
1 collins.jpg
Phil Collins før ein konsert i 2007.
Fødd
30. januar 1951 (68 år)
Fødestad
Hounslow,[1]London i England
Opphav Storbritannia
Aktiv 1968-2011
Sjanger
Progressiv rock, rock, pop, poprock, softrock, jazzfusion, R&B, storband
Instrument Vokal, trommer, perkusjon, gitar, piano, klaverinstrument
Stemmetype tenor
Tilknytte artistar
Genesis
Brand X
Flaming Youth
The Phil Collins Big Band
Plateselskap
Virgin Records, Atlantic Records, Warner Bros. Records
Verka som Låtskrivar, musikar, skodespelar
Born
Joely Collins, Lily Collins
Prisar
MusiCares Person of the Year, Silver Clef Award, Disney Legends, Johnny Mercer Award

Philip David Charles «Phil» Collins, LVO, CBE (fødd 30. januar 1951)[2] er ein engelsk songar og låtskrivar, trommeslagar, pianist og skodespelar, mest kjend som trommeslagar og vokalist for den rockegruppa Genesis og som soloartist.


Collins song solovokal på mange hittar mellom 1975 og 2010, anten som soloartist eller med Genesis. Singlane hans, som stundom omhandla tapt kjærleik, varierte frå den tromme-tunge «In the Air Tonight», dansepop-songen «Sussudio», pianosongen «Against All Odds», til politiske meldingar i «Another Day in Paradise».


Den profesjonelle musikkarrieren til Collins starta som trommeslagar, opphavleg i bandet The Real Thing med Andrea Bertorelli, som seinare vart den første kona hans. Collins spelte trommer og delte på synginga med Brian Chatton i Flaming Youth som spelte inn eitt album, (Ark II). I 1970 tok han over på trommer i Genesis, som då alt hadde spelt inn to album. I Genesis song Collins houvdsakleg korvokal bak frontmannen Peter Gabriel, og medan Gabriel var i bandet song han berre solovokal på to songar: «For Absent Friends» frå Nursery Cryme i 1971 og «More Fool Me» frå Selling England by the Pound som kom i 1973. Då Gabriel forlét bandet i 1975 tok Collins over som songar i bandet.


Solokarrieren hans var kraftig påverka av det personlege livet hans, noko som gav både han sjølv og Genesis stor kommersiell suksess. I følgje Atlantic Records, hadde Collins som soloartist i år 2000 seld 150 millionar plater.[3] Collins har vunne mange musikkprisar gjennom karrieren sin, mellom anna sju Grammy-prisar, fem Brit Awards, mellom anna beste mannlege britiske artist tre gonger, ein Oscarpris og to Golden Globes for soloarbeidet sitt[4][5] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.


Collins er ein av berre tre soloartistar (i lag med Paul McCartney og Michael Jackson) som har selt over 100 million album verda over både som soloartist og i tillegg som medlem av eit band. Legg ein saman arbeidet hans med Genesis, andre artistar og solokarrieren, var det ingen som hadde fleire hittar inne på Topp 40 på Billboard Hot 100 i USA i 1980-åra enn Collins.[6] I 2008 vart Collins rangert som den 22. mest suksessrike artisten på «The Billboard Hot 100 Top All-Time Artists».[7]


Collins annonserte i 2011 at han hadde trekt seg frå musikkindustrien på grunn av helseproblem.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Genesis


    • 2.2 Brand X


    • 2.3 Studioalbum


    • 2.4 Nummer-ein-singlar




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Karriere |


På 1970-talet spelte Collins saman med jazzfusion-bandet Brand X og på 1980-talet samarbeidde han med George Harrison, Paul McCartney, Eric Clapton, Mike Oldfield og mange andre, både som studiomusikar og som produsent i tillegg til jobben som trommeslagar og vokalist i Genesis. I denne perioden opptredde han òg som soloartist med stor suksess. Han er òg skodespelar og i 1988 hadde han hovudrolla i filmen Buster.


I 1976 var Genesis i Oslo på snarvisitt. Under opphaldet møtte Collins på den norske viseduoen Tobben & Ero. Dette førte til innspelinga av «Skammens terskel», der Collins speler trommar. Låta vart utgjeve på Gi meg et hus same år.


I 1985 var han den einaste artisten som deltok på begge Live Aid-konsertane (i London og Philadelphia). Tidleg på dagen spelte han eit kort solo-sett og spelte trommer for Sting på Wembley Stadium, før han sette seg i ein Concorde og landa i USA. Så vart han frakta i helikopter frå flyplassen til JFK stadion i Philadelphia. Der spelte han nok eit solo-sett før han spelte trommar saman med Led Zeppelin og Eric Clapton.


Phil Collins har fått seg eit stort namn som låtskrivar, og då Walt Disney i 1999 gjorde animasjonsfilmen Tarzan fekk han oppdraget å lage filmmusikkenn. «You’ll Be in My Heart» frå filmen fekk ein Oscar for beste song. Då Disney laga filmen Min bror bjørnen fekk Collins igjen oppdraget med å lage filmmusikken.


Collins skriv ikkje notar i vanleg forstand, men han har eit eige system for å skrive ned musikken. Høyrsla hans blir sagt å ha vorte dårleg på det eine øyret, og i 2003 kunngjorde han at han ville byrje på sine avskjedsturnear. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Sommaren 2007 stod han igjen på scena med det gamle bandet sitt Genesis, som turnerte i Europa og Amerika med Turn It On Again Tour.


I 1997 vart han tildelt MusiCares Person of the Year, og han vart i 2005 utnemnt til offiser av Order of the British Empire for bidraget sitt innan musikk og for engasjementet sitt for å nedkjempe fattigdom i verda. Collins er òg utnemnt til løytnant av Den kongelege Victoriaordenen.


Det vart i 2011 estimert at Collins hadde ein formue på £115 million (i overkant av éin milliard kroner) i Sunday Times Rich List, noko som gjer han til ein av dei 20 rikaste musikarane i britisk musikkindustri.[8]



Diskografi |



Genesis |



For meir om dette emnet, sjå Genesis-diskografi.



Brand X |




  • Unorthodox Behaviour (1976) US #191


  • Moroccan Roll (1977) - UK #37[9] US #125


  • Livestock (1977) US #204


  • Product (1979) US #165


  • Do They Hurt? (1980) US #204


  • Is There Anything About? (1982) - UK #93[9]



Studioalbum |



  • 1981: Face Value

  • 1982: Hello, I Must Be Going!

  • 1985: No Jacket Required

  • 1989: ...But Seriously

  • 1993: Both Sides

  • 1996: Dance into the Light

  • 2002: Testify

  • 2010: Going Back



Nummer-ein-singlar |


Dei følgjande singlande nådde toppen av singellista i Storbritannia eller USA.































































År
Singel
Plassering

UK

US
1982
«You Can't Hurry Love»
1
10
1984
«Against All Odds (Take a Look at Me Now)»
2
1
1985
«Easy Lover» (med Philip Bailey)
1
2
«One More Night»
4
1
«Sussudio»
12
1
«Separate Lives» (med Marilyn Martin)
4
1
1988
«A Groovy Kind of Love»
1
1
«Two Hearts»
6
1
1989
«Another Day in Paradise»
2
1



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Phil Collins» frå Wikipedia på engelsk, og «Phil Collins» frå Wikipedia på bokmål den 20. september 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Atlantic Records Press Release (15. november 2002). «Phil Collins Celebrates TESTIFY With Weekend Today Performance and NYC In-Store». Atlantic Records. Henta 19 January 2006. 


  • Baker, G.A. (1993). «Penthouse Interview». Penthouse. Arkivert frå originalen 20 December 2005. Henta 13 January 2006. 


  • Billboard Magazine, Online. «Genesis Biography». Billboard Online. Arkivert frå originalen 2 January 2013. Henta 16 January 2006. 


  • Billboard Magazine, Online. «Phil Collins Chart History». Billboard Online. Arkivert frå originalen 8 March 2007. Henta 13 January 2006. 

  • Bronson, Fred The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books, New York. 1998. p. 624. ISBN 0-8230-7641-5


  • Browne, David (1. november 1996). «Dance into the Light Review». Entertainment Weekly. Henta 10 February 2006. 


  • Ebert, Roger (25. november 1988). «Buster review». Chicago Sun-Times. Henta 10 February 2006. 


  • Fricke, David (9 May 1985). «No Jacket Required review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10 November 2006. Henta 8 February 2006. 

  • Giammetti, Mario. Phil Collins – The Singing Drummer. Edizioni Segno. Tavagnacco. 2005. ISBN 88-7282-836-8


  • Gigging-Drum-Charts.com (14. november 2008). «Phil Collins of Genesis». SBI. Henta 14. november 2008. 


  • Hear-it.org. «Famous baby boomers with significant hearing loss and/or tinnitus». Henta 13 January 2006. 


  • Hewitt, Alan. «From «Opening the Music Box: A Genesis Chronicle"». Excerpted on www.philcollins.co.uk. Arkivert frå originalen 10 January 2006. Henta 14 January 2006. 


  • «MTV Video Awards Past Winners». MTV. Henta 16 January 2006. 

  • Rosen, Craig. The Billboard Book of Number One Albums. Billboard Books, New York. 1996. ISBN 0-8230-7586-9 (Two essays about Collins)


  • Russell, Paul (2002). «Phil Collins Biography». www.philcollins.co.uk. Arkivert frå originalen 4 January 2006. Henta 9 January 2006. 

  • Thompson, Dave. Turn It On Again: Peter Gabriel, Phil Collins, and Genesis. Back Beat Books. San Francisco. 2004. ISBN 0-87930-810-9





  1. «Not one more night: Singer Phil Collins announces his retirement». Dailymail.co.uk. Henta 5 June 2012. 


  2. GRO Register of Births MAR 1951 5e 137 EALING – Philip D. C. Collins, mmn = Strange


  3. "Phil Collins Celebrates TESTIFY with Weekend Today Performance and NYC In-Store», Atlantic Records press release. 15. november 2002.


  4. Brit Awards: Phil Collins Brits.co.uk. Henta 24. november 2011


  5. Past Winners: Phil Collins Grammy.com. Henta 24. november 2011


  6. Anderson, John (7 January 1990). «Pop Notes». Newsday. 


  7. «Billboard Hot 100 Chart 50th Anniversary». Billboard. Arkivert frå originalen 2008-09-13. Henta 20. september 2012. 


  8. «The top 50 richest people in music». 


  9. 9,09,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 76. ISBN 1-904994-10-5. 






Bakgrunnsstoff |




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Phil Collins



  • Offisiell nettstad


  • Phil Collins på Atlantic Records

  • Genesis si offisielle nettside

  • Little Dreams Foundation


  • IMDb om Phil Collins




















































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029