Hassel
Hassel | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Fagales | |
| Familie: | Betulaceae | |
| Slekt: | Corylus | |
Art: | C. avellana | |
Vitskapleg namn | ||
| Corylus avellana Linné | ||
| Hassel | |
| Norske dialektnamn | |
|---|---|
| Hatl | |
| Namn på andre språk | |
| Norrønt | Hasl |
| Svensk | Hassel |
| Dansk | Hassel, Almindelig Hassel |
| Engelsk | Hazel, Common Hazel |
| Tysk | Hasel, Gemeine Hasel, Haselstrauch, Haselnussstrauch |
| Fransk | Noisetier, noisetier commun, coudrier |
| Spansk | Avellano, avellano común |
| Russisk | Lesjtsjina (Лещина), Lesjtsjina obyknovennaja (лещина обыкновенная) |
Hassel eller hatl (Corylus avellana) er ein art i hasselslekta i bjørkefamilien. Han er mest kjend for nøttene som kan etast. Hassel veks i urer og kratt i innlandet opp til Sør-Fron og Vestre Slidre, og langs kysten opp til Steigen i Nordland. Det er nordlegaste førekomsten i verda.
Bruk |
Dei tynne seige kvistane frå hassel vert brukt til flettverk og tønnebånd. Veden har også vore brukt til trekol, som blir av svært god kvalitet.
Nøttene inneheld ca 60 % olje, 20 % protein og ein del C-vitaminar. Dei har vore brukt både som menneske- og dyremat, og som råstoff for både såpe- og parfymeproduksjon.
Tradisjon |
Hasselen har alltid vore nytta som «varseltre»; Mange nøtter tydde ein våt haust og kald vinter, mens få nøtter spådde ein tørr høst og mild vinter.
Bakgrunnsstoff |
|