Aust-Timor
Republika Demokratika Timor Lorosa'e Republica Democratica de Timor-Leste ('Den demokratiske republikken Aust-Timor') (norsk: Aust-Timor, austtimoresisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Pátria» | ||||||
Motto | Portugisisk: Honra, Pátria e Povo (Ære, land og folk) | ||||||
Offisielle språk | Tetum og portugisisk | ||||||
Hovudstad | Dili | ||||||
Styresett President Statsminister | Republikk Taur Matan Ruak Rui Maria de Araújo | ||||||
Flatevidd – Totalt | 14 874 km² (156.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 1 291 358 (.) 86,8 /km² (97.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent | Frå Portugal 28. november, 1975 20. mai, 2002 | ||||||
Nasjonaldag | 20. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 7 101 mill. USD (159.) 6 100 USD (133.) | ||||||
Valuta | Amerikansk dollar | ||||||
Tidssone | UTC+9 | ||||||
Telefonkode | +670 | ||||||
Toppnivådomene | .tp |
Den demokratiske republikken Aust-Timor, eller Timor-Leste, er eit land i Asia som består av den austlege delen av øya Timor. Landet ligg mellom Indonesia og Australia. Etter 400 år som portugisisk koloni, 25 år med indonesisk okkupasjon (som kosta ein tredel av folket livet) og 30 månader med overgangsstyre under FN, vart Aust-Timor sjølvstendig 20. mai 2002.
Klima |
Aust-Timor har eit tropisk klima. Årsnedbøren er 1000-2000 mm og kjem hovudsakleg i perioden november-mai, medan resten av året har tørketid. Middeltemperaturen for hovudstaden Dili varierer mellom 24 °C i august og 27 °C i november-april. Kvart 3. til 4. år har ein hatt lengre tørkeperiodar som har ført til alvorlege skadeverknader.
Kjelder |
«Øst-Timor – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
Øystatar i Asia | |
---|---|
Aust-Timor | Brunei | Filippinane | Indonesia | Kypros | Taiwan | Maldivane | Sri Lanka |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|