Martin Schmitt
Martin Schmitt | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 29. januar 1978 Villingen-Schwenningen |
Idrett | skihopping |
Yrke | skihoppar |
Martin Schmitt (fødd 29. januar 1978) er ein tysk skihoppar.
Schmitt kjempa i den ypparste verdstoppen i åra 1999 til 2001. Med sine 28 verdscupsigrar ligg han på 5. plass på statistikken, etter Matti Nykänen (48 sigrar), Jens Weissflog (33), Adam Małysz (33) og Janne Ahonen (32).
Schmitt har totalt vunne åtte medaljar i ski-VM (fire gull), han har gull og sølv frå OL, samt ei sølvmedalje frå VM i skiflyging. Den fyrste meisterskapsmedalja kom i Trondheim, då han fekk bronsemedalje i laghoppinga under VM 1997.
Schmitt har vunne verdscupen samanlagt to gonger, i sesongane 1998/1999 og 1999/2000.
Saman med Sven Hannawald utgjorde han ein frykta duo i lagkonkurransar, og vann med det tyske hopplaget tre VM-gull. Ei kneskade etter OL i 2002 sette ein stoppar for framgangen. Schmitt fekk problem med finaleomgangar i renn han vanlegvis vann.
Schmitt kom tilbake i verdscupen i 2004, og har sidan då ein femteplass som beste prestasjon.
Han er bror av kombinertløparen Thorsten Schmitt.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Martin Schmitt» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2008.
Verdscupvinnarar i skihopping | |
---|---|
1970-talet | 1979/80: Hubert Neuper |
1980-talet | 1980/81: Armin Kogler | 1981/82: Armin Kogler | 1982/83: Matti Nykänen | 1983/84: Jens Weißflog | 1984/85: Matti Nykänen | 1985/86: Matti Nykänen | 1986/87: Vegard Opaas | 1987/88: Matti Nykänen | 1988/89: Jan Boklöv |
1990-talet | 1989/90: Ari-Pekka Nikkola | 1990/91: Andreas Felder | 1991/92: Toni Nieminen | 1992/93: Andreas Goldberger | 1993/94: Espen Bredesen | 1994/95: Andreas Goldberger | 1995/96: Andreas Goldberger | 1996/97: Primož Peterka | 1997/98: Primož Peterka | 1998/99: Martin Schmitt | 1999/2000: Martin Schmitt |
2000-talet | 2000/01: Adam Małysz | 2001/02: Adam Małysz | 2002/03: Adam Małysz | 2003/04: Janne Ahonen | 2004/05: Janne Ahonen | 2005/06: Jakub Janda | 2006/07: Adam Małysz | 2007/08: Thomas Morgenstern | 2008/09: Gregor Schlierenzauer | 2009/10: Simon Ammann |
2010-talet | 2010/2011 Thomas Morgenstern | 2011/2012: Anders Bardal |
|