Kantonen Bern





































Bern
Tysk: Bern
Fransk: Berne
Italiensk: Berna
Retroromansk: Berna

Wappen Bern matt.svg
Våpenet til Bern

Karte Lage Kanton Bern 2015.png
Kart som viser kor i Sveits Bern ligg.



Hovudstad
Bern
Folketal 979 802 (2011)
Areal 5 959,44 km²
Folketettleik 164/km²
Forkorting
BE
Kanton sidan
1353
Høgaste topp
Finsteraarhorn (4274 moh)

Bern er ein kanton i det vestlege, sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 5 959 km², og hadde 969 299 innbyggarar i 2009. Kantonen er den nest største i Sveits, både kva gjeld flatevidd og folketal. Byen Bern er hovudstad i kantonen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Språk og samfunn


  • 3 Distrikt og kommunar


  • 4 Historie


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Utsyn over nedre delar av Simmental




Distriktskart over kantonen Bern


Kantonen grensar i nord til kantonane Jura, Solothurn, i aust til Aargau, Luzern, Obwalden, Nidwalden og Uri, i sør til Valais, og i vest til Vaud, Fribourg og Neuchâtel.


Kantonen vert ofte delt etter landskap. I nord ligg sjølandet (Seeland) og Bern-Jura, deretter kjem Mittelland med byen Bern, medan Oberland i sør er prega av storfjell. 43,3% av kantonen er jordbruksareal, og 31,0% er skogdekt. Om lag 19,3% er fjell, brear og innsjøar. Dei fem høgste fjelltoppane i Oberland er over 4 000 meter over havet, med Finsteraarhorn som den høgste.



Språk og samfunn |


12,5% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. I kring 84% av folket snakkar bernerttysk, ein variant av sveitsartysk, medan 7,6% snakkar fransk, desse bur i vest og i nord i kantonen. Om lag 67% av innbyggarane er protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen, som er statskyrkje (Landeskirche). 16% soknar til den romersk-katolske kyrkja.



Distrikt og kommunar |


Bern består sidan 2010 av 10 distrikt (Verwaltungskreise), som er delt opp i til saman 396 kommunar. Dei ti distrikta er Bern-Mittelland, Biel/Bienne, Emmental, Frutigen-Niedersimmental, Interlaken-Oberhasli, Bern-Jura, Oberaargau, Obersimmental-Saanen, Seeland og Thun.



Historie |


Bern slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353. På den tid bestod kantonen Bern einast av nokre mindre område i nærleiken av byen. Dei neste 200 åra voks kantonen mykje, dels gjennom oppkjøp og dels gjennom erobringar. Mellom anna kom Aargau under kantonen i 1415, medan det meste av Vaud sitt landområde vart erobra i 1536.


Ved danninga av republikken Helvetia i 1798 vart den dåverande kantonen delt i to, ein i sørvest med Lausanne til hovudstad og ein annan, kalla Oberland, med Thun til hovudstad.
Då den sveitsiske føderasjonen vart restaurert i 1815, fekk kantonen Bern tilført land som hadde lege under bispedømmet i Basel, mellom anna Bern-Jura. Den utskilde kantonen i vest, derimot, vart til kantonen Vaud.


I tida 1815-1979 var Bern den største kantonen i Sveits. Etter Bern-Jura braut ut og vart eigen kanton i 1979, vart Graubünden den kantonen i landet med størst flatevidd.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kanton Bern» frå Wikipedia på tysk, den 11. august 2011.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettsad











Kantonane i Sveits

Det sveitsiske flagget

Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum