Romsdalen




For landskapet og fogderiet Romsdal, sjå Romsdal.



Fjellmasivet Trolltindane med Trollveggen, fotografert tvers over Romsdalen


Romsdalen, eigentleg Raumas dal etter elva Rauma som renn gjennom dalen, er eit trongt dalføre mellom høge fjell frå Romsdalsfjorden ved Åndalsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal til Lesjaskogsvatnet i Lesja kommune i Oppland.


Romsdalen vert rekna som ein av dei aller fagraste dalane i Noreg,[treng kjelde] med fjella Trolltindane (med Trollveggen) og Romsdalshorn som vidgjetne landemerke.


Jarnbanen Raumabanen og hovudvegen E136 til Sunnmøre og Romsdal frå Austlandet over Dombås går gjennom Romsdalen.


Delar av dalføret er verna ved at det fell innanfor Reinheimen nasjonalpark eller Romsdalen landskapsvernområde.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Sidedalar


    • 1.2 Fjelltoppar


    • 1.3 Busetnad




  • 2 Samferdsle


    • 2.1 Køyre- og rideveg


    • 2.2 Jernbane


    • 2.3 Telegraf


    • 2.4 Båtar




  • 3 Turisme


  • 4 Historie


    • 4.1 Fornminner


    • 4.2 Andre verdskrigen




  • 5 Galleri


  • 6 Kjelder





Geografi |



Sidedalar |






Romsdalen, Raumas dalføre, kommer ned til Romsdalsfjorden i nordvestlig retning; ved grændsen md Kristians amt gaar dalen over til Lesje og forbinder Østland med Vestland uden at naa over furuens grændse. I den nedre del af dalen er der terrasser. Omkring Grytten kirke er flyvesandhauger, og ved Nes indesluttes elven af høie mæler. Romsdalen har mægtige fjeldvægge, vakre eiendommelig tinder, mange fosser, saa store klippeblokke som de, der ligger i denne dal er sjelden at se. Den er meget besøgt af turister, tindebestigere og kunstnere.



Amund Helland (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt.[2]




Dei viktigaste sidedalane til Romsdalen rekna etter sideelvar som renn ut i Rauma:



  • Brøstdalen/Ulvådalen med Ulvåa og Ulvådalsvatnet, kjem frå venstre ved Stuguflåten

  • Vermedalen med elva Verma, Vermevatnet og Vermafossen, frå venstre ved Verma


  • Isterdalen med elva Istra kjem frå venstre litt ovanfor Veblungsnes


Tidlegare låg vasskiljet nærare Romsdalsfjorden slik at Verma og Ulvåa drenerte til Gudbrandsdalen, erosjon og kraftig utgraving har flytta vasskiljet mot Lesja (sørover) slik at de to sidedalane er agnordalar med motsett retning av hovuddalen.[3][4]



Fjelltoppar |





Kalskråtinden er kjend som utgangspunkt for basehopp
Foto: Halvard Hatlen



Nokre kjende fjelltopper rundt hovuddalføret




  • Romsdalshornet 1550 moh.


  • Trolltindan med


    • Store Trolltinden 1788 moh.

    • Trollveggen


    • Breitinden 1797 moh.




  • Store Venjetinden 1852 moh.


  • Kalskråtinden 1803 moh.

  • Romsdalseggen



Busetnad |






Ja, her er det ikkje greitt å leva. Her skulle ikkje bu anna enn geiter og engelskmenn og målarar og kunstkjennarar frå flatlandet. Og så er her no ei mengd med orm på solsida oppetter hasleholta. Her er vel ein og annen jordflekken som kunne vere ein folkeleg gardpart, men det er tørt og sandut alt til det ber ned mot fjorden. Men dei stakkars folk har klora og hengt seg inn i fjellsidene liksom ørnereir der lengst aust, for dei milene frå sjøen er det så hengjande bratt at ikkje ørna ein gong kan og byggja der. Her ligg gardane nede på botnen, og fram mot neset er det ikkje så ille, endå det er mest sandøyrar oppskylde av Rauma.



Aasmund Olavsson Vinje (Ferdaminne frå sumaren 1860)




Ved Raumas utløp i Romsdalsfjorden ligg den gamle tettstaden Veblungsnes og sentrum med jernbanestasjonen Åndalsnes på kvar si side av elva. På Veblungsnes ligger også soknekyrkja Grytten kyrkje og militærleiren Setnesmoen med HV 11 like ved.[5] Oppe i dalen ligg dei små tettstadane Marstein (med Kors kyrkje) og Verma (med Øverdalen kyrkje). Øvst ved Raumas løp i Lesja kommune ligger Bjorli


Ved Brude øvst i dalen går den faste busetnaden opp til 500 moh. Ved Hellands kartlegging rundt 1900 låg dei øvste gardane (Brøstet og Kabben i sidedalen) på omkring 750 moh.[6]



Samferdsle |





Kylling bru på Raumabanen
Foto: Halvard Hatlen



Raumabanen og E136 går begge gjennom Romsdalen. Raumabanen er det einaste jernbanesambandet i Møre og Romsdal. E136 knyter seg til E6 ved Dombås og er hovudvegen mellom Austlandet og Ålesund/Molde. E136 er det einaste vegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet som ikkje går over skoggrensa.


Bruer på offentleg vegnett




  • Sogge bru knyter E136 saman med fylkesveg 63


  • E136 kryssar hovudelva nær utløpet over Rauma bru (ca 1962).


  • Grøttørbrua (Grøtør bru) biltrafikk mellom Åndalsnes og Veblungsnes til Rauma bru opna, heilt stengt for bilar frå 1997.[7]


Opphavleg var Veblungsnes strandstad og dampbåtkai for Romsdalen og turistar gjekk i land der. Frå slutten av 1800-tallet gjekk dampskipa til Åndalsnes i staden.[8]



Køyre- og rideveg |


Den gamle vegen over Lesja og gjennom Romsdalen var truleg ein viktig veg for bøndene i Nord-Gudbrandsdalen og fjellbygdene rundt, mellom anna for tilgang til havet og handelsvara salt. Den var også ein viktig handelsveg først til kaupangen på Veøya i Romsdalsfjorden deretter til Romsdalsmarkedet ved nederst i Romsdalen. På Lesja var det frå 1660 også jernverk som slede produkt på Romsdalsmarkedet. Vegen opp Romsdalen og over Lesja var også lettaste landeveg til Austlandet, den går opp berre i 600 meter høgd og gjennom samanhengande bygdelag.[9]


Før jernbana vart lagt gjennom Gudbrandsdalen vart heile strekninga Åndalsnes/Veblungsnes-Lillehammer på slutten av 1800-tallet køyrt med diligenser.[10] Vegen gjennom Romsdalen var opphavleg ein rideveg eller kløvsti som kring 1800 vart utvida til kjøreveg (4 meter brei). I 1822 vart den postveg mellom Tofte (Dovre) og Veblungsnes, og i 1825 klassifisert som hovudveg.[11] Torvik skriv at det var køyrande vegstrekningar i Romsdalen på 1700-tallet.[9] Kring 1820 vart det oppretta skyssvesen med stasjonar på Veblungsnes, Horgheim, Flatmark, Ormem (Verma) og Brude. Først i 1844 skal vegen ha vært fullt køyrande gjennom heile Romsdalen, og kring 1850 var dette utanom vegen over Filefjell til Lærdalsøyri den einaste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet.[12] I 1860 vart garden Næs (dagens Åndalsnes) på høgre side av Rauma valt som endepunkt for køyrevegen, i staden for den gamle strandstaden og endepunkt Veblungsnes. Grunngjevinga for Åndalsnes framfor Veblungsnes som endepunkt var at Åndalsnes gav betre høve for samband via Isfjorden og Åfarnes til Molde, at Åndalsnes hadde betre hamn og dessuten at Åndalsnes var betre for ein framtidig by. I 1869 vart vegen forbi Bjørnekleiva øvst i dalen lagt i to slyng frå garden Kleiva til fylkesgrensa, hårnålssvingane var del av i riksvegen til 1961.[9] I 1946 vart vegen gjennom Romsdalen knytt til samanhengande køyreveg langs Romsdalsfjorden til Ålesund.




Panorama over Romsdalen med Trolltindmassivet og Rauma. Den markerte tinden til venstre er Romsdalshornet.
Foto: Simo Räsänen



Bøndene hadde i eldre tid plikt til å skysse embetsmenn på reise. Postgang og turisme førte på 1800-tallet til større trafikk. Veblungsnes vart etterkvart eit viktig knutepunkt for omstiging mellom land- og sjøtransport. Mellom Veblungsnes og Dombås var det åtte skysstasjonar, av desse var fire i Romsdalen: Horgheim, Flatmark, Ormheim (tok over for Kylling og Brude) og Stuguflåten. Skysstasjonens bygg på Ormheim vart øydelagt av jordras i 1926. Stuguflåten er ein gammal stasjon midt mellom Veblungsnes og Dombås. Etter opninga av Raumabanen og meir bruk av bil fekk skysstasjonane ei mindre rolle.[13]



Jernbane |


Bygginga av Raumabanen tok til i 1912 og bana opna for trafikk frå Dombås til Åndalsnes 29. november 1924. Frå 1924 fram til 1970-årene var Raumabanen hovudkommunikasjonsåra for person- og posttrafikk mellom Møre og Romsdal og hovudstaden. Frå Åndalsnes var det buss til Ålesund, Molde og Kristiansund til og frå kvart tog. Frå 1891 til Raumabanen opna var dampskipsambandet mellom Mørebyane og Trondheim med Rørosbanen det viktigaste sambandet til Austlandet.[9] På Raumabanen er det fleire store bruer, mellom anna Kylling bru ved Verma.



Telegraf |


Då telegrafen vart bygd ut kring 1860 vart Mørebyane knytt til linja Oslo-Trondheim ved Dovre.[14] Sambandet gjekk via Veblungsnes og gjennom Romsdalen til Dovre. Ved sida av sambandet mellom Gjøvik og Lærdalsøyri var dette i 1863 det einaste sambandet over fjellet mellom aust og vest (Stavanger og Bergen hadde også samband med Oslo rundt Sørlandskysten).[15]



Båtar |


I eldre tid var det få eller ingen bruer over elva Rauma. Elva vart mange stader kryssa med «eikjer», stor flatbotna båtar for folk og husdyr. Elveisen vart brukt til transport både på langs og på tvers. Tidlegare var det fleire gangbruer (hengebruer), i 1997 var det tre igjen. I åra 1813-1819 vart det lagt ei bru over hovudelva ved Devold - denne «Martnabrua» skulle lette reisa til Romsdalsmarkedet som då var flytta frå Devold til Veblungsnes.[16]



Turisme |








Som fortapt hans øye hænger

ved de vide klippeformer.

Hugen vokser, sindet løftes,

og han lover lyt den herre,

som har vendt de svundne nætters

lange gru til yse drømme,

som har formet onde vetters

vilde færd i billedpragt.



Theodor Caspari




Turisttrafikk og laksefisket i elva Rauma vart etterkvart viktig på 1800-tallet, særleg for velståande britar. For eksempel kjøpte general William Bromley-Davenbort garden Fiva i 1849 og sikra seg slik lakserettane til dei beste 12 km av elva. Den første golfbana i landet skal ha blitt laga i 1905 ved Hølgenes hotel (seinare kalla Park hotel) av den dåverande engelske eigaren av hotellet.[10]Keiser Wilhelm vitja Romsdalen åtte gonger.[8]


Romsdalen og Romsdalsalpane er sentralt i norsk fjellklatring og første turen til Romsdalshornet i 1828 blir rekna som den første kjende fjellklatring i landet.[17] Den bratte og krevjande Trollveggen er også ein klassisk stad i norsk fjellklatring.[18]William Cecil Slingsby besøkt Romsdalen rundt 1875 og senere.[19]Arne Randers Heen dreiv klatring i området, og var fleire gonger førstemann.



Historie |


I 1612 marsjerte en 300 skotske leigesoldatar gjennom dalen på veg til Sverige, dei blei stansa nedanfor Otta i Gudbrandsdalen.


Romsdalsmarkedet var lenge eit av de viktigaste årlege marknadane i Midt-Norge og var i 1830 den einaste offentlege marknaden i Møre og Romsdal.[20] Marknadsplassen var lenge på garden Devold nedst i dalen og blei flytta til Veblungsnes i 1820 og ble avvikla som lovpålagt institusjon i 1875. Marknaden hadde årleg fleire tusen tilreisande frå Øvre Gudbrandsdal, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane.



Fornminner |


Ved Horgheim er det over hundre gravrøyser og spor etter gardar frå folkevandringstida (om lag 375-800 e.Kr.). I høgfjellet er det svært gamle innretningar for reinsjakt, mellom anna dyregraver og «bogesteller».[21]



Andre verdskrigen |


Dei første norske soldatane kom 10. april til mobiliseringstaden på Setnesmoen. Møre og Romsdal var ulikt Austlandet, Bergen og Trøndelag fortsatt fritt og kunne mobilisere uhindra. Omkring 3000 norske soldatar var etterkvart samla. Dei sivile på Åndalsnes og Veblungsnes blei evakuert til nabobygdene. Det blei sett opp sjukestover på Åndalsnes ved sjøen, på Venge og Flatmark oppe i dalen. 13. april ble 800 soldatar sendt med tog mot Dombås der dei dagen etter kom i kamp med tyske fallskjermsoldatar. Tyske fangar blei sendt ned dalen og det blei oppretta fangeleir mellom anna i Isfjorden. Dei dagane bombinga var på det mest intense fall det omkring 400 sprengbomber og 500 brannbomber over Åndalsnes, Veblungsnes og området rundt.[13]


Tidleg i andre verdskrig, spelte Romsdalen med Åndalsnes ei viktig rolle, under felttoget i Norge 1940. Oslo, Bergen og Trondheim blei hærtekne med ein gong av den tyske invasjonsstyrken, medan Åndalsnes som einaste hamn med jernbane mellom Trondheim og Bergen fortsatt var fritt. Britiske styrkar blei landsatt på Åndalsnes 12–18. april. Samstundes held tyske fallskjermstyrkar Dombås i fem dagar før Dombås blei frigjort av lokale norske styrkar. Omkring 150 tyske krigsfangar blei sendt med tog til Åndalsnes og vidare til fangleir. Kvelden 18. april byrja landsettinga av den britiske 148. brigade på Åndalsnes og dei sette opp leir nokre kilometer oppe i Romsdalen. Oppdraget var å sikre knutepunktet Dombås og å hindre den tyske invasjonsstyrken å sende forsterkingar og forsyningar over Dovre til Trondheim. Dei første britiske soldatane blei sendt mot Dombås 19. april og held fram vidare mot Øyer i Gudbrandsdalen for å støtte dei norske forsvarsstyrkane.[22]


Norges Banks gull blei frakta gjennom Romsdalen med jernbane. Tyske hærstyrkar tok over Åndalsnes 2. og 3. mai.[23][24] Den tyske sjefen, generalen Richard Pellengahr, budde først på Åndalsnes (Park Hotell) og flytta deretter med sin stab inn på garden Fiva i Romsdalen. Fiva hadde lenge høyrt til den rike engelske Davenport-familien. Bileta av den norske og den engelske kongefamilien blei hengande medan Pellengahr brukte Fiva. Inventaret på Fiva skal heller ikkje ha blitt stole eller skada.[25]


I slutten av april blei Raumabanen og biltrafikken mellom Lesja og Åndalsnes bomba av tyske fly, nokre av bombeflya kom heilt frå flyplassen i Ålborg. Norske sivile inspiserte stadig og reparerte raskt skadane på bane og vei.[22]


Under den siste evakueringa av Dombås 30. april blei eit stort togsett med fire lokomotiv, 14 passasjervogner og fleire godsvogner sendt mot Åndalsnes om natta. På dette tidspunktet hadde den siste biltransporten forlate Dombås. Det var fortsatt omkring 1500 britiske og ein del norske soldatar igjen ved Dombås stasjon, desse skulle evakuerast med siste togavgang. Nokre kilometer frå Dombås blir fleire norske soldatar tekne om bord og på Lesja stasjon nye 425 norske soldatar. Toget spora av i eit bombehol ved Lesjaverk, elleve soldatar blei drepne og fleire skada i ulykka.[26] Omkring 400 norske soldatar frå toget byrja å gå til fots langs landevegen og blei ved Lesjaskog innhenta av tyske styrkar og avvæpna. Dei etterlet seg Krag-Jørgensen med ammunisjon vart liggande i veggrøfta i fleire veker til det blei teke vare på av bygdefolket i Lesja-distriktet. Dei tyske styrkane skal heller ikkje ha vist interesse for dei mange britiske Lee-Enfield rifler om bord i det avspora toget og desse vart også gøymt unna av bygdefolket.[25]


Kynoch oppgir at toget forlét Dombås 29. april og at ulukka skjedde klokka 1 natt til 1. mai (etter at toget hadde blitt ståande heile dagen på grunn av skinnebrot lenger sør).[22] Dei friskaste britiske soldatane frå det avspora toget nådde Verma formiddagen 1. mai der dei søkte tilflukt i vendetunnelen der det også venta eit intakt togsett. Ei lita avdeling britiske soldatar kom opp frå Åndalsnes[26] og stansa den tyske framrykkinga (ifølge Kynoch var dette ei avdeling marinesoldater som allereie var ved Verma for halde vakt ved kraftverket).[22] Togsettet frå vendetunnelen med soldatar om bord køyrde til Åndalsnes i mørket kvelden 1. mai og blei evakuert frå Åndalsnes same natt. Avsporinga ved Lesjaverk senka evakueringa med eitt døgn.[26] Ein del britiske soldatar gjekk store delar av jernbanelinja til fots då dei trakk seg tilbake frå Dombås mot Åndalsnes. Dei siste britiske soldatane forlét øvre del av Romsdalen i lastebilar.[22]


Det islagte Lesjaskogsvatnet blei brukt som flyplass av britiske styrkar.[26] I samband med tysk bombing av flystripa på Lesjaskogsvatnet var det luftkamper med britane og eitt av dei tyske flya nødlanda i elva Rauma ved Fiva i Romsdalen. Flystripa på Lesjaskogsvatnet blei gitt opp dagen etter at den var teken i bruk og dei fem brukbare flya blei 26. april flytta til Setnesmoen leir ved Veblungsnes.[25]


Ministrane Anders Rasmus Frihagen, Trygve Lie, Birger Ljungberg og Oscar Torp kom til Åndalsnes 18. april. Kongen og kronprinsen reiste gjennom Romsdalen til Åndalsnes kvelden 22. april. Kongen reiste frå Åndalsnes vidare til Molde 23. april.[27] Utenriksdepartementets stab hadde samtidig flytta til Stuguflåten.[28] På Stuguflåten ved fylkesgrensa var det statsråd 22. april der mellom anna Nortraship vart skipa.[29]


Garden Ner-Hole i Romsdalen brukte okkupasjonsmakta som militærleir. Der var det også russiske krigsfangar.[30]



Galleri |






Kjelder |




  1. http://www.reinheimen.no/1626.116.Fakta.html lese på nett 13.1.13


  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug.


  3. «Naturbase | Romsdalen». faktaark.naturbase.no. Henta 30. januar 2016. 


  4. «agnordaler – Store norske leksikon». Store norske leksikon. Henta 30. januar 2016. 


  5. «HV11 skal bestå». Romsdals Budstikke. 27. desember 2012. s. 15.


  6. Helland, Amund (1911). Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Achehoug. 


  7. Torvik, Inge mfl: Samfunn og ferdsel. Molde: Møre og Romsdal fylkesbåtar, 2000.


  8. 8,08,1 Caspari, Theodor (1933). Fra Rauma til Rhinen: reiseskildringer og kulturbilleder fra gamle dager. Oslo: Nasjonalforl. 


  9. 9,09,19,29,3 Torvik, Arne Inge (2000): Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del II: Samfunn og ferdsel. Utgitt av MRF, Molde.


  10. 10,010,1 Setnes, Johan (1995): Turisttrafikken i Møre og Romsdal gjennom 100 år. 1847-1947. Molde: Romsdal sogelag.


  11. Statens vegvesen (2001): Vegminner i Møre og Romsdal. Utgitt i Molde.


  12. Skarra, Nils (1977): «Vegtransport». I D. Bjørnland (red.): Innenlands samferdsel i Norge siden 1800. Oslo: Grøndahl.


  13. 13,013,1 Ei bok om Rauma. Utgitt av Rauma kommune, 1990.


  14. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Telegraf_til_L%C3%A6rdal_i_1858


  15. Thorolf Rafto: Telegrafverkets historie 1855-1955. Bergen: John Grieg


  16. Normann, Andreas: Langs Raumavassdraget i kulturminneåret. Utgitt av Rauma kommune, 1997.


  17. «fjellklatring – Store norske leksikon». Store norske leksikon. Henta 30. januar 2016. 


  18. «Trollveggen – Store norske leksikon». Store norske leksikon. Henta 30. januar 2016. 


  19. Slingsby, W.C.: Norge den nordlige arena. Skisser fra tindebestigninger og oppdagerferder i norsk natur mellom 1872 og 1921. Oslo: Grøndahl Dreyer, 1998.


  20. Bjørnland, Dag (1977): Innenlands samferdsel i Norge siden 1800. Oslo: Grøndahl.


  21. Setnes, Roe (1980). Romsdalen. Rauma/Ulvåa på vektskåla. Møre og Ronsdal naturvern. s. 22–26. 


  22. 22,022,122,222,322,4 Kynoch, J.H. (1995). Nakne soldater. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203220622. 


  23. http://www.andalsnes-avis.no/frapapir/article207701.ece (avisartikkel basert på boka 1940 av Rolf Larsen)


  24. Åndalsnes Arkivert 24. februar 2014 på Wayback Machine. i Norsk Krigsleksikon 1940-1945, J. W. Cappelen Forlag A/S, oppslag 6. mai 2014.


  25. 25,025,125,2 Øystein Mølmen: Krigen 1940-45. Lesjaskog, 1996.


  26. 26,026,126,226,3 Øystein Mølmen: Raumabanen/Romsdalen, Lesja og Dovre. Kamphandlingene i april 1940. Lesjaskog: Raumabanens kulturlag, 1999.


  27. http://www.rbnett.no/krigsvaaren/article207667.ece


  28. Norges Bank: Thore Boyes beretning om gulltransporten


  29. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2014-04-16. Henta 16. april 2014. 


  30. http://digitaltfortalt.no/things/ner-hole-i-romsdalen-med-spor-fra-andre/H-DF/DF.3540




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029