Øyer kommune


































































Øyer kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter

Tingberg

Areal
640 km²
 - land
621 km²
 - vatn
19 km²

Folketal
5 130 (1. januar 2018)
Folketettleik

8 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Britt K. Lundgård (Ap)


Kommunenr.
0521




NO 0521 Øyer.svg




Wikimedia Commons: Øyer

Nettstad: www.oyer.kommune.no


Øyer er ein kommune i Oppland. Han grensar til Ringebu i nord, Stor-Elvdal i aust, Ringsaker og Lillehammer i sør, og Gausdal i vest. Kommunen omfattar to sokn, Øyer og Tretten, og administrasjonssenteret ligg på Tingberg. Totalarealet er ca. 640 km² av dette er rundt 20 km² vatn.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Namn og symbol


  • 2 Geografi


  • 3 Reiseliv og fritid


  • 4 Verdt å sjå i Øyer


  • 5 Fotnotar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Namn og symbol |


Namnet Øyer er ei skriftform av 'øy' i tydinga 'låglende ved vatn'. Vatnet det er snakk om må då vera Gudbrandsdalslågen.[2]Kommunevåpenet viser «På grønn bunn en sølv hærder», det vil seia ein trering som tidlegare blei brukt til å setja fast tau rundt lass eller bører.[1]



Geografi |




Frå Hafjell om vinteren.


Øyer har tradisjonelt vore ein jord- og skogbrukskommune. Jordbruksarealet er på rundt 32 000 daa, produktivt skogareal på rundt 163 000 daa og utmarksarealet rundt 360 000 daa. Det er om lag 180 gardsbruk i drift i kommunen som til saman har 1 200 mjølkekyr, 350 ammekyr og om lag 8 000 sauer og lam på beite om sommaren. Øyer har òg ein viss svineproduksjon, og kommunen har nav i ein purkering og i ein teststasjon for storfe.[1]


I Øyer har fjellet lenge vore viktig, også som jordbruksområde. På 1960-talet dyrka ein opp store område på fjellet, og i dag ligg ein tredjedel av all dyrka mark her. Store delar av området er statsallmenning, det vil seie at staten er grunneigar medan bruken blir administrert av fjellstyret.[1]


Gudbrandsdalslågen er rekna som ei god fiskeelv. Lågen og tilførande elvar kan medføra flaumfare, og ein storflaum i 1995 skapte store øydeleggingar i Tretten. I mai 2013 truga ein ny flaum, men kommunen kom frå han utan større skader.[3]



Reiseliv og fritid |




Øyer rådhus


Førebuingane til OL på Lillehammer i 1994 førte til kraftig utbygging fjellet for reiselivsutbygginga. Ved Hafjell Alpinsenter finst hotell, leilegheiter, storhytter og mange nye private hytter.[1] Nord for alpinsenteret ligg golfbanen Hafjell Golf med ni hol.[4] Det finst likevel også mange urørte fjellområde i kommunen.[5]


Det finst idrettsanlegg både i Øyer og på Tretten og ein idrettshall på Tretten, og fleire lysløyper her: Ved Tretten idrettshall, i Musdal som også er skiskyttarløype, på Granrudmoen og på Lisetra.[1]



Verdt å sjå i Øyer |



  • Lilleputthammer

  • Moksa kunstpark

  • Hafjell Alpinsenter

  • Tretten kyrkje

  • Øyer kyrkje



Fotnotar |





  1. 1,01,11,21,31,41,5 «Om Øyer» ved oyer.kommune.no.


  2. «Om Øyer» ved oyer.kommune.no, som oppgav Norsk stadnamnleksikon.


  3. «Om flommen», oyer.kommune.no; «E6 i Øyer bestod flomtesten», vegvesen.no


  4. http://www.hafjellgolf.no/


  5. «Severdigheter», oyer.kommune.no




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad











Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum